Emner: DIDAENG2 Engelskdidaktikk 2 - Vår 2019



Studiepoeng

7.5

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Undervisningsspråk

Engelsk og norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Mål og innhald

Fagdidaktikk i engelsk inngår som ein del av universitetet si engelsklærarutdanning og er ei vidareføring av Engelskdidaktikk 1. Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i engelsk hjå elevane og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

 

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis studenten kan utvikle og relatere engelskfagleg kunnskap til det å vere engelsklærar. Spesielt viktig er det å utvikle forståing for korleis eiga språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere bidrag i arbeidet med å leggje til rette for språklæring hjå elevane.

 

Studiet er organisert slik at ein har noka undervisning på tvers av språkfaga for å streke under ein felles kunnskapsteoretisk samanheng for alle språk- og kulturfaga og med tanke på felles dannings-målsetjingar for språkfaga i skolen.

 

Studiet er sett saman av fire målområde som inngår i begge modulane:

- Faget sitt potensial og utvikling

- Teoriar om kommunikasjon, kultur og sjanger

- Planlegging av undervisning og tilrettelegging for læring

- Rettleiing og vurdering

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i engelskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Dei skal setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon, kultur, språklæring og forsking, og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje elevane si læring i engelsk og generelt til å vidareutvikle eigen kompetanse i engelskdidaktikk.

Kunnskapar

Kandidaten

 

Ferdigheiter

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

 

Krav til forkunnskapar

DIDAENG2 byggjer på DIDAENG1, pedagogikk i første semester (PEDA101) samt greidd praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

- om lag 20 timar undervisning fordelt mellom førelesingar og seminar

- rettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen i DIDAENG2 må studentane ha levert eit tekstutkast på om lag 800 ord i Mitt UiB anten til prosjektoppgåva eller til bruk på den førebudde delen av munnleg eksamen.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er eit val mellom ein ei rettleidd oppgåve (prosjektoppgåve) eller ein munnleg eksamen som er sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel. Ved oppmelding vel ein eksamensform slik at studenten tek munnleg eksamen i det eine fagdidaktiske emnet sitt og rettleidd oppgåve i det andre.

 

Den rettleidde oppgåva (prosjektoppgåve) skal ha eit omfang på om lag 4000 ord, vedlegg ikkje medrekna. Oppgåva vert skriven på engelsk.

 

Dersom studenten vel munnleg eksamen, må studenten leggje ein disposisjon for presentasjonsdelen inn i Mitt UiB seinast ei veke før eksamen. Studenten får 15 minutt av totalt 30 til presentasjonen sin. Munnleg eksamen vert halden på engelsk.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum svarar til om lag 375 sider av normal vanskegrad knytt til faget sitt læringsmål. Av desse er eit utval sams for språkfaga.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programrådet har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Fagmiljøet i engelsk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

mailto:studierettleiar@if.uib.nomailto:studierettleiar@if.uib.no

mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no