Munnlege ferdigheiter er grunnleggjande i alle fag i skulen. Munnleg formidling er sentralt i all undervisning, og samtaler mellom elevar og mellom elev og lærar er sentrale element i læring.
Emnet gjev kjennskap til ulike samtalegenrar ¿ både strukturerte og improviserte ¿ og kunnskap om ulike tradisjonar for munnleg opplæring. Emnet har som mål å gje studentane eit repertoar av ulike praktiske samtaleformer og omgrep til å reflektera over fagsamtale med. Emnet er tverrfagleg, og nyttar mellom anna teoretiske omgrep og praktiske arbeidsmåtar frå retorikk og filosofisk samtale.
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Deltaking på minst 75% av seminara.
For å kunne gå opp til eksamen i DIDAHUM2 kan studentane bli pålagt inntil 3 obligatoriske aktivitetar innan fastsette tidsfristar. Omfang og fristar for obligatoriske arbeidskrav blir annonsert på Mitt UiB.
Vurderingsforma er eit val mellom ein ei rettleidd oppgåve (prosjektoppgåve) eller ein munnleg eksamen som er sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel. Ved oppmelding vel ein eksamensform slik at studenten tek munnleg eksamen i det eine fagdidaktiske emnet sitt og rettleidd oppgåve i det andre.
Den rettleidde oppgåva (prosjektoppgåve) skal ha eit omfang på om lag 4000 ord, vedlegg ikkje medrekna.
Dersom studenten vel munnleg eksamen, må studenten leggje ein disposisjon for presentasjonsdelen inn i Mitt UiB seinast ei veke før eksamen. Studenten får 15 minutt av totalt 30 til presentasjonen sin.
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluere emnet.
Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Studierettleiar kan kontaktast her:
Studierettleiar@fof.uib.no
Tlf 55 58 23 82