Emner: DIDASAK2 Samfunnskunnskapsdidaktikk 2 - Vår 2019




Studiepoeng

7.5

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Fagdidaktikken handlar om kva eit skulefag er, har vore og kan vere og korleis læraren kan presentere og planleggje faget slik at elever med ulike føresetnader og behov kan tileigne seg faget sitt kunnskapstilfang innanfor dei ramane som skulen er underlagt. Dette føreset at læraren har solide kunnskapar og dugleikar innanfor det fagdidaktiske feltet.

Samfunnskunnskapsdidaktikk hentar sine perspektiv dels frå dei samfunnsvitskaplege faga, dels frå pedagogikk og dels frå det tankegodset som læreplanane er tufta på. Det handlar om kunnskapar og dugleikar som elevane treng for å kunne fungere i samfunnslivet, men også om kunnskapar og dugleikar som legg grunnlaget for vidare studiar.

Undervisninga i DIDASAK2 skal bidra til å vidareutvikle studentane sin evne til kritisk refleksjon omkring sentrale, fagdidaktiske spørsmål. 

Undervisninga skal bidra til at studenten vidareutviklar sine kunnskapar om og i fag, samt lærer å planleggje, gjennomføre og vurdere kvaliteten på undervisninga og på elevane sine læreprosessar og læringsresultat.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten har inngående kunnskapar om

Ferdigheiter

Studenten kan:

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

Samfunnskunnskapsdidaktikk 2 (DIDASAK2) byggjer samfunnskunnskapsdidaktikk 1 (DIDASAK1) og Pedagogikk første semester (PEDA101), samt greidd praksis frå første semester med praktiskpedagogisk utdanning.

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar på Praktisk-pedagogisk utdanning

Arbeids- og undervisningsformer

Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.

Undervisninga vert organisert som førelesningar, seminar og verkstadsorientert arbeid i konsentrerte periodar før og etter praksis. IKT vert tatt i bruk for å skape nye arenaer for samarbeid og utveksling av tekster. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon og/eller framlegging av eige arbeid.

Vurderingsformer

Prosjektoppgåve eller munnleg eksamen.

Ved oppmelding vert eksamensform vald slik at studenten tar munnleg eksamen i sitt eine fagdidaktiske emne og prosjektoppgåve i det andre. Det er høve til å bytte eksamensform i dei to emna. Frist for å bytte eksamensform vil bli gitt ved semesterstart.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum tilsvarer ca. 375 sider

Emneevaluering

Studenten skal ved slutten av semesteret evaluere undervisninga i tråd med Det samfunnsvitskaplege fakultet sin prosedyre for undervisningsevaluering.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@aorg.uib.no

55 58 21 54