Emner: DIDASPA2 Spanskdidaktikk 2 - Høst 2019




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Spansk og norsk

Undervisningssemester

Vår

 

Undervisningsstad

Mål og innhald

Fagdidaktikk i spansk inngår som ein del av universitetet si spansklærarutdanning. Spanskdidaktikk 2 (Didaspa2) er ei vidareføring av Spanskdidaktikk 1 (Didaspa1).

Sentralt i studiet er spørsmål knytte til kompetanseutvikling i spansk og til utvikling av fagdidaktisk refleksjon og handling.

Eit grunnleggjande spørsmål er korleis spanskfagleg kunnskap kan verta utvikla og relatert til det å vere spansklærar. Særs viktig er det å utvikle forståing for korleis eigen språkkompetanse, innsikt i språket og innsikt i eigne læringsprosessar kan vere ein del av arbeidet med å leggje til rette for elevane si språklæring.

Når det er mogleg, er studiet organisert slik at noko av undervisninga er tilbod på tvers av språkfaga for å understreke ein kunnskapsteoretisk samanheng og danningsmålsetjingar som er felles for språkfaga i skolen.

Studiet har fire målområder:

Læringsutbyte

Gjennom studiet skal studentane utvikle innsikt i spanskfaget sitt kultur- og danningspotensiale og kunne gjere greie for faget si utforming og samfunnsmessige grunngjeving både historisk og i eit samtidsperspektiv. Dei skal setje seg inn i teoriar om tekst, kommunikasjon, kultur, språklæring og forsking, og kunne bruke desse i arbeidet med å fremje alle elevane si læring i spansk og generelt til å videreutvikle egen kompetanse i spanskdidaktikk.

 

Kunnskapar

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

DIDASPA2 byggjer på DIDASPA1, pedagogikk i første semester (PEDA101) samt greidd praksis frå første semester med praktisk-pedagogisk utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Opptak til 1-årig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er både virtuell og ansikt til ansikt.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervising. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane innan fastsette tidsfristar gjennomføre følgjande aktivitetar:

 

Nærare informasjon vert gitt ved semesterstart.

Det er obligatorisk frammøte på minst 75% av undervisningane , og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei rettleidd prosjektoppgåve eller ein munnleg eksamen. På den munnlege eksamenen skal studenten kort presentere forskingsprosjektet sitt og deretter reflektere kring spørsmål knytt til pensum i spansk fagdidaktikk.

Prosjektoppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord, vedlegg ikkje medrekna. Eksamensspråk er norsk eller spansk.

Den munnlege eksamenen varer om lag 30 minutt.

Kandidaten må levere ei sterkt omarbeidd oppgåve dersom ein skal levere på nytt i same emne.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg eksamen tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er på 375 sider av normal vanskegrad. Av desse er eit utval sider sams for alle språkfaga.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med instituttet sine retningsliner og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Fagmiljøet i spansk

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon