Emner: ELMED207 Maritim Medisin - Høst 2019




Undervisningsspråk

Norsk (Dersom ikkje-norskspråklege deltakarar på kurset, kan kurset haldast på engelsk.)

Undervisningssemester

Vår, de to første ukene av den elektive perioden. Den elektive perioden er de fire første ukene av vårsemesteret.

Mål og innhald

Maritim medisin omhandlar alle medisinske aspekt (samfunnsmedisin, arbeidsmedisin, allmennmedisin, «emergency medicine», telemedisin m.m.) for dei som arbeider på havet, under alle himmelstrok, der cirka 1,5 millionar sjøfolk i handelsmarinen og cirka 33 millionar fiskarar har sitt arbeid, ofte dagevis eller vekevis frå land og utanfor rekkevidde av helikopter. Maritim medisin har ein internasjonal karakter, sidan vi yter tenester til skipsfarten, som er den einaste verkelege globale industrien i verda.

 

Mål:

Emnet har som mål

- å gje ei generell forståing av maritim medisin

- å gje ei oversikt over særlege yrkesrelaterte helse utfordringar i Noreg sine viktigaste eksportnæringar

- å gje ei basal innføring i seleksjonsmedisinske prinsipp

- å gje ei oversikt over norsk redningsteneste til sjøs

- å gje ei innføring i ulike verktøy fjernbehandling, avgrensing føremoner og ulemper ved ulike verktøy.

 

 

Emnet vert innleia med ei oversikt over kva norsk Maritim Medisin omfattar i dag. Vidare vert det fokusert på dei viktigaste helse-utfordringane i eit samfunns- og yrkesmedisinsk perspektiv. Omfanget av Norsk helseberedskap på havet vil bli gjennomgått. Ein øver på fjernbehandling av pasientar ved bruk av telemedisin. Det vert gitt innføring og trening i å nytta seleksjons-medisinske prinsipp.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten ..

 

Ferdigheiter

Studenten ..

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

"Textbook of Maritime Medicine" er den einaste læreboka i maritim medisin for helsepersonell. Boka er utgjeven av Norsk senter for maritim medisin, Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus, og er gratis tilgjengeleg på følgjande nettside: http://textbook.ncmm.no

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet består av førelesingar, arbeidsplassbesøk, gruppearbeid (teambasert og casebasert læring) og simulatortrening.

Førelesingar (inkludert kursprøve): 20 timar

Arbeidsplassbesøk: 4 timar

Gruppearbeid: 14 timar

Simulatortrening: 8 timar

Sjølvstudium og eigne førebuingar til gruppearbeid og simulatortrening kjem i tillegg.

Tal på deltakarar (studentar): Min.8 og maks 30

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingar: 8t

Arbeidsplassbesøk

Gruppearbeid: 8t (inkludert presentasjonar)

Simulatortrening: 8t

Vurderingsformer

Kursprøve (fleirvalgstest)

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Emneansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin og Norsk Senter for Maritim Medisin / Yrkesmedisinsk avdeling / Haukeland Universitetssjukehus

 

Ole Jacob Møllerløkken (Leiar av forskingsgruppe i Arbeids- og miljømedisin)

Ole.Mollerlokken@uib.no

 

Alf Magne Horneland (seksjonsleiar NSMM)

alf.magne.horneland@helse-bergen.no

Marit Grønning (avdelingsdirektør YMA)

marit.grønning@helse-bergen.no

Administrativt ansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin mailto:studie@igs.uib.nostudie@igs.uib.no