Emner: ELMED222 Psykiatrihistorie - Vår 2019




Studiepoeng

3.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår, Dei to første vekene i januar.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi ei innføring i psykiatriens historie frå slutten av 1700-talet og fram til vår tid.

 

Kurset skal formidle forståing for kva slags grunnlag dagens psykiatri kviler på - teoretisk og i praksis. Ein vil gå nærmare inn på etableringaav psykiatrien som spesialitet - innhald, føremål og organisering - og framveksten av dei ulike fagretningane innanfor faget: - "Den humanistiske" (moral-treatment- ideologien) og den biomedisinske retninga, vidare psykoanalysen og andre psykososiale og medisinfriebehandlingsformer, og endeleg den biopsykososiale sjukdomsmodellen.

Læringsutbyte

Kunnskapar

  1. Studenten har kjennskap til og oversikt over hovudlinjene i framveksten avpsykiatrihistoria ¿ teoretisk og i praksis - frå slutten av 1700-talet og fram til i dag.
  2. Studenten har oversikt over dei ulike retningane i faget og deira status gjennom ulike tidsbolkar.

 

Ferdigheiter

  1. Studenten kan nytte den historiske innsikta ifaget i den praktiske kvardagen, t.d. når ein skal ta avgjersler om behandlingsopplegg og organisering.
  2. Studenten kan nytte historiske kunnskap ifagpolitiske diskusjonar og samanhengar.
  3. Studenten har oppøvd ei viss evne til å sjå faget med eit kritisk blikk.

 

Generell kompetanse

  1. Med innsikt ipsykiatriens historie kan studenten sjå samanhengar mellom fortid og notid og med det ha ei betre forståing for psykiatrien sin staus og plass i vår tids helseteneste, og for korleis faget er vevd inn i større samfunnsstrukturar.Med det vil studenten også kunne sjå korleis både fag og fagutøvarar til ei kvar tid har vore og vil vere prega av den tida ein lever i.
  2. Med historisk kunnskap har likeins studenten styrkt evna til refleksjon over eiga yrkesrolle, til å vere audmjuk andsynes pasientane og til kritisk tenking omkring ulike behandlingsmetodar.

Tilrådde forkunnskapar

Bør ha lese noko av den obligatoriske litteraturen før kurset startar, inkludert stoff om historiske tenkjemåtar.

Krav til studierett

Medisinstudiet og masterstudiet i helse og samfunn.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar, førelesingar, litteraturstudiar, gruppearbeid, diskusjonar om enkeltartiklar, framlegg frå studentar av refleksjonsnotat ved slutten av kurset.

 

Antal deltakarar:

Minimum: 7

Maksimum: 20

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte og arbeidskrav.

Vurderingsformer

Alle studentane skal presentere og levere inn eit refleksjonsnotat på 4 til 8 sider på slutten av kurset, gjerne med vekt på ei retning innanfor psykiatrihistoria og korleis denne retninga synest å stå idag.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret

Emneevaluering

Kvart 3. år

Programansvarleg

Administrativt ansvarleg

Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

info@mofa.uib.no

Tlf 55 58 64 00