Cella og kroppen sin fysiologi vert styrt av arv og miljø. Human ernæring, det vil seie det me et, utgjer ei viktig form for miljøeksponering, og dei enkelte næringsstoffa fører til regulering av ulike mekanismar på celle- og organismenivå. Dei fysiologiske effektane er i stor grad ein respons på den totale samansetjinga av ulike næringsstoff i kosten vår. I tillegg er maten hovudkjelda for eksponering av stabile miljøgifter som vert konsentrert oppover i næringskjeda.
Nyare forsking har vist at miljøet kan påverke genreguleringa gjennom langt fleire mekanismar enn skildra med tradisjonell genetikk. Næringsstoff har difor stor tyding for utviklinga av livsstilssjukdomar som fedme, diabetes og atherosklerose. Utviklinga til ein slik patologisk tilstand kan observerast gjennom endringar i signalmekanismar og funksjonar til cella, med konsekvensar for fleire fysiologiske eigenskapar.
Emne skal gje ei forskingsbasert innføring i biomedisinske tema (biokjemi, molekylærbiologi, cellebiologi, fysiologi) knytt til human ernæringsfysiologi. Med fokus på område som metabolisme, signalveier og genregulering vil ein forklara grunnleggjande mekanismar som involverer og vert påverka av næringsstoff og deira samansetjing i dietten. Vidare vil ein kome inn på bakgrunn for livsstilssjukdomar, genetiske sjukdomar, og effekten av kontaminantar.
Målet med emnet er at studentane sjølve skal evne å evaluera effekten av næringsstoff på eit cellebiologisk og fysiologisk nivå og setje dette inn i ein større vitskapleg samanheng med omsyn til sjukdom og helse.
Den sjølvstendige oppgåva som omfattar skriving av en essay og en posterpresentasjon, skal ta opp nye relevante problemstillingar med omsyn til ernæring og livsstilsjukdommar forankra i eit forskingsmiljø ved UiB, gjerne den gruppa kor kandidaten skal gjennomføra masterprosjektet sitt. Dersom masteroppgåve ikkje er avtalt kan ein nytte ei forskingsgruppe ved Institutt for biomedisin. Problemstilling skal ikkje være direkte knytt til framtidig masteroppgåve og vert definert av gruppeleiar i samsvar med emneansvarleg.
Kunnskap
Ferdigheter
Generell kompetanse
Seminar (ca. 12 x 2 timar). 3 av disse formidler generell kompetanse som hvordan lese fagartikkler, statistikk, hvordan skrive review artikkler, hvordan presentere elevator pitch og poster presentasjon. 9 av disse er fagforelesninger med fokus på aktuelle tema innan biomedisinsk ernæringsfysiologi, etterfulgt av en studentpresentasjon av en relevant forskningsartikkel gitt av foreleseren, og diskusjon.
Studentleia kollokvier som skal vera førebuing til førelesningar.
Ei sjølvstendig oppgåve (essay i review stil) basert på forskingslitteratur skal skrivast etter oppgitt mal. Oppgåva skal også presenterast for resten av deltakarane som poster og det er den avsluttande eksamineringa av kurset.
Undervisinga vert heldt på Institutt for biomedisin.
Deltaking på og forberedelse til seminar og nokon av kollokvia, godkjent sjølvstendig oppgåve med presentasjon. Obligatoriske student-peer review av essayer.
Institutt for biomedisin
studie@biomed.uib.no
Emneansvarleg:
Tanja Kögel, http://www.uib.no/personer/Tanja.Køgel