Emnet har som mål å gi ei innføring i infeksjonsmedisinens historie med vekt på ulike smitte- og sjukdomsteoriar (frå miasmeteori til bakteriologi/germ theory), medisinske gjennombrot og framveksten og betydninga av den moderne farmakologien. Dinest skal kurset gi innsikt i tre ulike infeksjonssjukdommar - lepra, tuberkulose, hiv/aids - og korleis desse sjukdommane har blitt forstått gjennom historia.
Emnet skal formidle forståing for kva slags grunnlag vår tids infeksjonsmedisin kviler på, teoretisk og i praksis, og gi innsikt i ulike måtar å møte infeksjonssjukdommane på så vel medisinsk som sosialt, og kva slag kostnader - i vid forståing av ordet -sjukdommane har hatt for pasientane og for samfunnet i stort.
Kunnskapar
Ferdigheiter
Generell kompetanse
Seminar, førelesingar, litteraturstudiar, gruppearbeid, diskusjonar om enkeltartiklar, framlegg frå studentar av refleksjonsnotat ved slutten av kurset.
Antal deltakarar:
Minimum: 7
Maksimum: 20
Studierettleiar kan kontaktast her:
info@mofa.uib.no
Tlf 55 58 64 00