I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG221 (skoleeksamen) eller ENG261 (semesteroppgåve).
Emnet gir ei innføring i viktige aspekt ved den historiske utviklinga av engelsk. Kurset kan ta opp fleire av stadia i denne utviklinga eller konsentrere seg om ein periode. Dessuten kan kurset omfatte språkeksterne såvel som språkinterne tilhøve, og ta for seg trekk ved ord- og setningsstruktur, uttale, vokabular og staving. Normalt vil det òg omfatte studium av primærtekstar frå tidlegare stadium av språket i tillegg til teoretisk litteratur.
ENG221 er eit valfritt emne i spesialiseringa i engelsk på 200-nivå. Studentar med spesialisering i lingvistikk tek i tillegg til ENG221
- ENG263 (semesteroppgåve i moderne lingvistikk) og
- eit emne i engelsk litteratur og kultur, anten ENG222 eller ENG224.
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har utvida kunnskap om engelsk språk i eit historisk perspektiv
- har innsikt i prinsippa for språkendring generelt og kunnskap om endring i engelsk spesielt
Ferdigheiter
Studenten
- kan greie ut om og analysere engelsk språk i lys av historisk utvikling
Generell kompetanse
Studenten
- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar
- kan uttrykke seg korrekt på akademisk engelsk
Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG114, ENG115, ENG107, ENG108, ENG109, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.
Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språk og kommunikasjon, ENG100, ENG114, ENG115, ENG107, ENG108 og ENG109 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar). For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB. Personar utan studierett kan søkje Det humanistiske fakultet om å få gå opp til særskild eksamen
For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.
Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.
Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen.
Skoleeksamen kan bli digital.
Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i engelsk språkhistorie og primærtekstar.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no