Emner: ENG223L Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk - Høst 2019




Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen

 

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale tema i moderne engelsk lingvistikk og å introdusere studentane til lingvistiske teoriar og/eller metodar som kan nyttast til å skildra moderne engelsk (Present-Day English) språk frå eit vitskapleg, lingvistisk perspektiv.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert I kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

- har utvikla analytiske ferdigheiter og ei vitskapleg haldning til språket

- har utvikla ei grunnleggjande forståing av ein eller fleire lingvistiske teoriar

 

Ferdigheiter

Studenten

- kan bruke lingvistiske metodar til å kaste lyst over aspekt ved det engelske språket

 

Generell kompetanse

Studenten

- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar

- kan uttrykkje seg korrekt på akademisk engelsk

 

Krav til forkunnskapar

Det er ingen formelle krav til forkunnskapar, men pensumet og undervisninga har likevel som føresetnad at studentane har solide kunnskapar i engelsk grammatikk og fonetikk, som svarar til gode resultat frå emna ENG114, ENG115 og ENG107. 

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG114, ENG115, ENG107, ENG122, ENG125 eller tilsvarande. Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språkkunnskap, ENG114, ENG115 og ENG107 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar). For studentar med ein annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgare I samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlap blir studiepoenguttellinga for ENG223L redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med ENG223 med same faglege innhald.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til lektorutdanninga i framandspråk ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opptil 24 timer (normalt 2 timer i veka i 12 veker).

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar.

 

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er eit rettleidd semesteroppgåve på 2000 ord (±10%) (eksklusive litteraturliste osb.). Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinjene, misster retten til å ta eksamen i emnet.

 

Ved eksamen i påfølgjande semester leverer studenten, som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, ei omarbeidd semesteroppgåve utan vidare rettleiing.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikke aktuelt.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Det blir arrangert eksamen i ENG223L kvart semester. Regulær eksamen på slutten av undervisningssemesteret og utsatt eksamen midt i det følgande semesteret.

Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i modern engelsk lingvistikk. 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no