Emner: ENG261 Semesteroppgave i engelsk lingvistikk: språkhistorie - Høst 2019




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

 

Undervisningsspråk

Engelsk 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

I engelsk lingvistikk på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG261 (semesteroppgåve) eller ENG221 (skoleeksamen).

 

Emnet gir ei innføring i viktige aspekt ved den historiske utviklinga av engelsk. Kurset kan ta opp fleire av stadia i denne utviklinga, eller konsentrere seg om ein periode. Dessuten kan kurset omfatte språkeksterne såvel som språkinterne tilhøve, og ta for seg trekk ved ord- og setningsstruktur, uttale, vokabular og staving. Normalt vil det òg omfatte studium av primærtekstar frå tidlegare stadium av språket i tillegg til teoretisk litteratur.

 

- ENG261 er eit valgfritt emne i spesialiseringa i engelsk på 200-nivå. Studentar med spesialisering i lingvistikk tek i tillegg til ENG261

- ENG223 (moderne lingvistikk) og eit emne i engelsk litteratur og kultur, anten ENG222 eller ENG224.

 

 

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

- har utvida kunnskap om engelsk språk i eit historisk perspektiv

- har innsikt i prinsippa for språkendring generelt og kunnskap om endring i engelsk spesielt

 

Ferdigheiter

Studenten

- kan greie ut om og analysere engelsk språk i lys av historisk utvikling

 

Generell kompetanse

Studenten

- har øvd opp ei kritisk og sjølvstendig haldning til språkvitskaplege problemstillingar

- kan uttrykkje seg korrekt på akademisk engelsk

 

 

Krav til forkunnskapar

Det er ingen formelle krav til forkunnskapar, men pensumet og undervisninga har likevel som føresetnad at studentane har solide kunnskapar i engelsk grammatikk og fonetikk, som svarar til gode resultat frå emna ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/ENG118 og ENG109/ENG119. 

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/118, ENG109/119, ENG122, ENG125 eller tilsvarande.

Særskilt vil ein på det sterkaste rå til at studentane har fullført EXFAC00SK Språkkunnskap, ENG100, ENG114, ENG115, ENG107, ENG108/ENG118 og ENG109/ENG119 med godt resultat, eller har tilsvarande kunnskapar (jf. Krav til forkunnskapar). For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

 

 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ENG261 redusert 5 studiepoeng om det blir kombinert med ENG201, ENG211 og ENG251. Ein kan ikkje få uttelling for både ENG221 og ENG261.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

For exchange students:
Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

 

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. To rettleiingsmøte er obligatoriske. Studentane pliktar å halde dei fristane for innleveringar og rettleiing som blir sette av faglæraren. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinjene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ei rettleidd oppgåve på 4500 ord (±10%), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar. Ved eksamen i påfølgande semester leverer studenten, som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing.

I tillegg er det ei munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i den rettleidde semesteroppgåva. Oppgåva må vere godkjent før ein kan gå opp til munnleg prøve. Den munnlege prøva får eigen karakter.

Ved fastsetjing av endeleg karakter for emnet tel semesteroppgåva to tredelar og den munnlege prøva ein tredel. Ein må få ståkarakter i begge prøvene for å få ståkarakter i heile emnet.

Semesteroppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.

 

 

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemidler er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester.

 

Ved eksamen utanfor undervisningssemesteret leverer studenten, som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing.

Litteraturliste

Pensum omfattar ei framstilling av grunnleggande emne i engelsk språkhistorie og primærtekstar. Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

 

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no