Emner: ENG340 Forberedelse til masteroppgaveskriving i engelsk litteratur og kultur - Vår 2019



Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette kurset førebur studenten til å skrive ei masteroppgåve i engelsk litteratur og kultur ved å gje studenten kjennskap til sentrale forskningsmetodar i litterære studiar. Dette inkluderar det å finne og evaluere kjeldemateriale, kjenne til kriteria for argumentativ og kritisk skriving, forsking, forskingsetikk, teori og meode, samt utvikle ei problemstilling for å skrive ei endeleg prosjektskildring for masteroppgåva.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk og lektorutdanninga med master i framandspråk.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 16 timar.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på minst seks av seminara, inkludert obligatorisk oppmøte på siste seminar i seminarrekkja (presentasjon av prosjektskisser). Dette emnet er obligatoriske for studentar på masterprogrammet i engelsk som ønskjer å skrive masteroppgåve innanfor engelskspråkleg litteratur. Emnet er ikkje obligatorisk for studentar på integrert lektorutdanning med master i framandspråk.

 

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering som skal innehalde endelege versjonar av fire oppgåver, der ein av desse er den endelege prosjektskissa for masteroppgåva.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Alle oppgåvene i mappa må vere bestått for å få endeleg karakter i emnet.

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester.

Litteraturliste

 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for engelsk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no