Emner: FIL116 Innføring i moderne politisk teori - Vår 2019



Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Politisk teori er eit tverrfagleg forskingsfelt der spørsmål knytta til rettferdig fordeling, demokratiteori, anerkjenning av minoriteter, samt forskjellige forståelser av makt står sentralt. Politisk teori analyserer og reflekterer over aktuelle politiske spørsmål og sosiale, kulturelle og institusjonelle endringsprosesser. Kurset gir ein introduksjon til hovedretningar og sentrale problemstillingar i politisk teori fra om lag 1970 til i dag, med vekt på både empirisk-deskriptive og normative teoridanningar (liberalisme, kommunitarisme, proseduralisme), og postmoderne perspektiv på stat, individ og samfunn.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan og vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL116 overlappar fullt med FIL216 (Tema i moderne politisk teori) og FIL316 (Forskingsemne i moderne politisk teori). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL225 (Moderne politisk teori), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Personar utan studierett ved UiB kan søkje til Det humanistiske fakultet om å få gå opp til eksamen i emnet. Trykk på lenkja for meir informasjon: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen obligatoriske arbeidskrav.

Vurderingsformer

4 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker).

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester.

Litteraturliste

Til emnet er det eit kjernepensum som studenten i samråd med faglærar kan supplere med eit særpensum.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no