Emnet skal gje studentane høve til å arbeide sjølvstendig saman med faglærar/rettleiar med eit nærare avgrensa tema. Temaet kan være avgrensa til særskilde filosofiske problemområde (til dømes etikk, politisk filosofi, erkjenningsteori eller metafysikk) eller tilnærmingsmåtar (til dømes fenomenologiske, eksistensfilosofiske eller språkanalytiske tilnærmingar), eller til einskilde filosofiske verk eller forfattarskap.
Kvart semester tilbyr instituttet undervisning i ei rekkje andre emne på 200-nivå. Tema for FIL251 kan vere knytt til eitt av desse undervisningstilboda. Oversyn kva for emne som vert undervist i det einskilde semester finst i Mitt UiB og på instituttet si heimeside.
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
Emnet inngår i studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Seminar og individuell rettleiing. Seminaropplegget er organisert slik:
Kvar student har krav på ein rettleiar som og gir råd i arbeidet med bacheloroppgåva.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Individuell rettleiing: inntil 3 timar per student.
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Studentane skal delta på minst to tredelar av seminara.
Munnleg framlegg av utkast til oppgåve.
Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før siste rettleiinga.
Individuell rettleiing ved faglærar.
Innlevering av pensumliste innan 30. april om våren og innan 31. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standardar for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal underskrivast av faglærar og godkjennast av instituttet.
Ei rettleia oppgåve på mellom 6000 og 8000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal være godkjent av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Studenten legg opp pensum i samråd med faglærar.
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no