Emner: FIL333 Masteremne i antikkens filosofi - Høst 2019




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Våren 2018: emnet finn stad i Athen i perioden 23. april - 11. mai. Sjå lenkje for meir info og påmelding:

http://www.uib.no/fof/111210/filosofikurs-i-athen-v%C3%A5ren-2018#s-knad

For studentar som ikkje har høve til å vere med til Athen blir det satt opp eit alternativt undervisningsopplegg. Kontakt instituttet: studierettleiar@fof.uib.no for meir informasjon

----------------------------------------------------------------------------

Emnet skal gje studentane høve til å fordjupe seg i sentrale filosofiske originaltekstar frå antikken, epoken frå omlag 600 f. v.t. til omlag 500. Platon og Aristoteles er dei to mest sentrale forfattarane i perioden, men tekstar av andre filosofar vil og kunne vera aktuelle (t.d. førsokratikarane, Epikur, stoikarane, Augustin). Studentane skal gjere seg kjende med sentrale filosofiske problemstillingar og samstundes opparbeide seg forståing for både det særmerkte ved filosofien i epoken, og for epokens påverknad på seinare tiders filosofi. Gjennom sekundærlitteratur vil studentane få innblikk i ulike fortolkingar av antikke tekstar.

Emnet skal gje studentane eit godt grunnlag for å studere filosofien i seinare epokar, ikkje minst samtidsfilosofien.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlapper med FIL233.htmlFIL233 ( Filosofien i antikken ) og ../Gamle/FIL221.htmlFIL221 (Filosofien i antikken). For studentar som har tatt eitt av emna ../Gamle/FIL211.htmlFIL211 (Valemne 1 i filosofi), ../Gamle/FIL212.htmlFIL212 (Valemne 2 i filosofi), ../Gamle/FIL213.htmlFIL213 (Valemne 3 i filosofi), ../Gamle/FIL214.htmlFIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301.htmlFIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302.htmlFIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL302.htmlFIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) med nærliggande tema kan det også være overlapp. Ta i så fall kontakt med instituttet for nærare informasjon.

Krav til studierett

For å ta emnet må ein vere tatt opp på masterstudiet i filosofi.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Individuell rettleiing: inntil 1 timar per student.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no