Emner: FRAN120 Fransk grammatikk 1 - Høst 2019




Studiepoeng, omfang

Emnet FRAN120 har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

 Vår

Emnet går første gang våren 2019

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Emnet har som mål å gje kunnskap om fransk språkstruktur, særleg innan syntaks. Det skal òg gje studentane eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat. Emnet skal dessutan vera med på å øva opp evna hjå studentane til å uttrykkja seg på standardfransk, gjennom omsetjingsøvingar som belyser kontrastar mellom norsk og fransk.

 

Studiet tar opp tema som syntaktiske grunnomgrep og prinsipp, nomen, adjektiv, pronomen og preposisjonar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

 

 

Ferdigheiter

Studenten

 

 

Generell kompetanse

Studenten

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoeng-uttellinga for FRAN120 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN101.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Før undervisninga får studentane tilgang til videoførelesningar og notat. Klasseromsundervisninga består hovudsakleg av oppfølging av videoundervisninga og oppgåveløysing. I tillegg til denne undervisninga vert det organisert eit kurs kor studentane får trening i å løyse eksamensoppgåver.

 

Omfanget er omtrent 4 timar per veke i 8 veker.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av førelesingane for å få gå opp til eksamen i emnet.

 

Emnet omfattar to obligatoriske øvingsoppgåver med omfang og innhald omlag som ved eksamen. Oppgåvene er obligatoriske for alle studentar på emnet, og for å få gå opp til eksamen må studenten ha levert dei obligatoriske øvingsoppgåvene innan fastsette fristar. Fristane vert kunngjort seinast ved undervisningsstart for emnet. Kvar oppgåve vert kunngjort ei veke før fristen. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

 I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

 

Eksamen er ein 4 timars skriftleg skuleeksamen der studenten skal svara på norsk (eventuelt eit anna skandinavisk språk). Eksamen er normalt digital. Eksamensoppgåvene trekkjer inn store deler av pensum. Det vert gjeve teoretiske spørsmål og praktiske prøver, inkl. syntaktisk analyse.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane kan nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk) ordbok godkjend av instituttet.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum består av utdrag på rundt 160 sider frå ein større fransk grammatikk, skriven på eit skandinavisk språk med hovudvekt på syntaks. Læreboka er skriven i eit kontrastivt perspektiv: det blir lagt stor vekt på skilnader mellom norsk og fransk for å gjera tileigninga av framandspråket lettare.

 

Som læremiddel brukar ein også øvingar i grammatikk som studentane kan arbeida sjølvstendig med på internett.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevaluering blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyre for fransk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no

Institutt

Institutt for fremmedspråk