Emner: GEOV260 Petroleumsgeologi - Vår 2019
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Norsk, engelsk ved behov
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gir ein introduksjon til petroleumgeovitskap med fokus på utforsking i ein global samanheng. Det blir gitt ei innføring i ulike utforskingstrategiar, og ein går igjennom dei viktigaste typane av geologiske data som blir nytta i utforsking.
Kurset er delt i 4 hovudtema:
- oversikt over petroleumgeovitskap og dei data som blir nytta
- «Subsurface environment» og hovudtypar av data som blir nytta i studiet av undergrunnen
- «play fairway» analyse og element som inngår i omgrepet «petroleum play»
- eksempel på petroleumprovinsar
Studenten vil få bakgrunnkjennskap i teoriar og omgrep gjennom forelesingar, og praktisk erfaring ved å arbeida med geovitskapelege data.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- kan forklare kva hydrokarbon habitat er og kjenne til dei viktigaste utforskingstrategiane
- kan greie ut om dei forskjellige typane av geovitskapelege data blir nytta i utforsking, korleis dei vert nytta, og deira pålitelegheit
- kjenner til ein eller fleire petroleumprovinsar og kan diskutera kva slag geologiske element som er avgjerande for at desse er ein økonomisk suksess eller fiasko
Ferdigheiter:
Studenten kan
- forklare omgrepet «petroleum play», og greie ut om kva slag elementar som inngår (dvs kjeldebergartar, reservoarbergartar, forseglande bergartar, og hydrokarbongenerering relativ til felletypar som er til stades)
- beskrive og tolke relativt enkle datasett frå brønnar i eit felt og gjere ei geologisk vurdering av feltet, og foreta ei berekning av petroleumreservane
Generell kompetanse
Studenten kan
- nytta eit geologisk fagspråk til å beskrive og diskutere geovitskapelege problemstillingar relatert til petroleumutforsking
- arbeide i gruppe med tolking av subsurface dataset
Krav til forkunnskapar
GEOV101
Tilrådde forkunnskapar
GEOV107
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar: 1- 2 timar pr. veke i 13 veker
Øvingar: 1 - 2 timar pr. veke i 12 veker som dekker fylgjende tema: «play fairway» øving, log tolking/formasjonevaluering, seismisk tolking, ´Taminga´integrerte øvingar, og hydrokarbon provins case study.
Fortløpande tilbakemelding på innleverte øvingar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Øvingar: obligatorisk deltaking og innlevering. Alle øvingar skal vere godkjende for å få endeleg vurdering i emnet.
Vurderingsformer
Multiple-choice skriftleg eksamen - 4 timar. Digital eksamen, se http://www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter
Hjelpemiddel til eksamen
Alle kalkulatorar tillatne, i samsvar med fakultetet sine reglar
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
10 sp overlapp med GEOL260
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.