Emner: HEKVAL620 Kvalitetsforbedring i helsetjenesten - Høst 2019
Studiepoeng
20.0Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust og vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Målsetninga med emnet er å gi studentene kunnskaper, ferdigheiter og haldninger i tilhøve til å forbetre og sikre kvalitet på helse- og omsutstenester.
Studentane skal blant anna få innsikt i:
- Forventningar og krav til kvalitet frå pasienter og styresmakter
- Kva for teoriar og metodar for kvalitetsforbedring som er mest relevante for norsk helsevesen
- Korleis måle og vurdera kvalitet
- Korleis utvikla og innføra eit kvalitetssystem i ei avdeling eller organisasjon
- Korleis rettleia einskildpersonar, grupper og organisasjonar gjennom kvalitetsutviklingsprosessar
- Kva for krav som vert stilt til leiarar som vil utvikla god kvalitet i ein organisasjon
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- Har kunnskap om førekomst og konsekvensar av kvalitetssvikt
- Har kunnskap om korleis samfunnsmessig utvikling, rammebetingelser, fagleg utvikling og tilhøve ved helsetenesta påverkar kvaliteten
- Har kunnskap om system, metodar og verktøy for forbetring av kvalitet, og styrkane og veikskapane deira
Ferdigheiter
Studenten
- Kan bruke relevant kunnskap for å avdekke og forstå ein kvalitetssvikt
- Kan bruke relevant kunnskap og innøvde ferdigheitar til å planleggje, utføre og evaluere eit kvalitetsforbedringsarbeid
Generell kompetanse
Studenten
- Kan bidra til systematisk kvalitetsforbedring i helsetenesta ved hjelp av tileigna kunnskap og ferdigheitar.
Krav til forkunnskapar
Studentane skal ha utdanningsnivå tilsvarande minimum bahelorgrad, i tillegg til minst to års erfaring frå helsetenesta.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Deltidsstudiet er lagt opp med 4 vekes-samlingar i Bergen. Studiet går over eit tidsrom på cirka 6 månader. Det må bereknast tid til sjølvstudium mellom samlingane. Ved sida av forelesninger består undervisinga av egenaktivitet i form av gruppebasert læring. Det vert gjeve høve til å analysera praktiske eller teoretiske problem med utgangspunkt i eigen praksis, og studenten presenterer oppgåver for kvarandre.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gruppeoppgåve. Oppgåva vert presentert i plenum med påfølgjande diskusjon. Denne vert til vurdert bestått/ikkje bestått. Arbeidskravet må beståast før eksamen.
Vurderingsformer
Individuell heimeeksamen over eit oppgitt tema. Intern sensor og ekstern sensor.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Litteraturliste
Litteraturliste blir lagt ut på Mitt UiB.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert gjennom fortløpande tilbakemeldingar, evalueringssamling siste dag kvar samling, og elektronisk spørreundersøking i etterkant av kurset.
Programansvarleg
Programutvalg for erfaringsbasert master i helseledelse, kvalitetsforbedring og helseøkonomi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Einar Hovlid: http://www.uib.no/personer/Einar.Hovlid
Miriam Hartveit: http://www.uib.no/personer/Miriam.Hartveit
Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
UiB Videre
Universitetet i Bergen
Postboks 7800, 5020 Bergen
Tlf.: 55 58 20 40
e-post: videre@uib.no
Administrativt ansvarlig:
Iselin Henriksen Kvamme Tlf: 55 58 93 31
https://www.uib.no/personer/Iselin.Kvamme