Emner: HUIMM307 Basic Course in Flow Cytometry - Høst 2019
Studiepoeng, omfang
5 studiepoeng.
Studienivå (studiesyklus)
Master, Ph.d.
Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Kjernefasilitet for flow cytometri, Klinisk institutt 2, Laboratoriebygget 5.etasje
Mål og innhald
Mål: Grunnleggande introduksjon til flow cytometri. Den teoretiske delen av kurset skal gjere studentane i stand til å forstå bruksområde for flow cytometri. Desse vil bli presentert på seminar leia av kursansvarleg før bruk i den praktiske delen.
Innhald:
Teoretisk del:
- Teoretisk innføring i flow cytometri og nokre av dei mest brukte bruksområda
Praktisk del: Opplæring og bruk av lokal flow cytometer (BD AccuriC6)
- Kvantifisering av apoptotiske celler
- Cellesyklusanalyser
- Enkel farging av celler med overflatemarkørar
- Analyse av transfekterte celler
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- er kjende med grunnleggande bruksområde for flow cytometri
- vet kva og kor mange ulike fluorokromar ein kan nytte på eit gjeve flow cytometer
- er i stand til å vurdere kvaliteten av flow cytomteri-data
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan planlegge og gjennomføre enkle eksperiment med flow cytometri
- kan kvalitetssikre genererte flow cytometri-data
- kan presentere data frå flow cytometri på ein vitskapleg måte
Generell kompetanse
Kandidaten
- har ei grunnleggande forståing for flow cytometri
- forstår bakgrunnen for å nytte flow cytometri i bestemte forskingsproblem
- er i stand til å tolke enkle flow cytometri-data
Krav til forkunnskapar
Kjennskap til programmert celledød (apoptosis) og cellesyklus.
Erfaring med elementære laboratorieteknikkar slik som pipettering og sentrifugering.
Tilrådde forkunnskapar
Biologi eller molekylærbiologi på bachelor-nivå.
Krav til studierett
Kurset vert gjennomført ved minst 4 registrerte studentar, samt ei øvre grense på 10 studentar.
Emne-ansvarleg avgjer kven som kan delta.
Arbeids- og undervisningsformer
23 x 1 times førelesing/seminar, 17 x 1 time praktisk opplæring
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
23 x 1 times førelesing/seminar, 17 x 1 time praktisk opplæring
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltakelse på alle eksperimentene er obligatoriske
Vurderingsformer
Munnleg presentasjon av resultatene og skriftleg laboratorierapport (inndelt i introduksjon, materiell og metodar, resultat, diskusjon). Begge skal godkjennast av kursleiar.
Karakterskala
A-F.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Flow cytometry - A Basic Introduction, Wiki version; Michael Ormerod.
Emneevaluering
etter kvart kurs.
Emneansvarleg
Silke Appel, Bergen Research School in Inflammation, Broegelmanns Forskingslaboratorium, Klinisk institutt 2
https://www.uib.no/personer/Silke.Appel
Administrativt ansvarleg
Medisink fakultet v/Klinisk institutt 2 har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
Brith Bergum 55974660, brith.bergum@uib.no
Silke Appel 55974633, silke.appel@uib.no
Institutt
Bergen Research School in Inflammation, Broegelmanns Forskningslab,
Klinisk institutt 2 ved det Medisinske Fakultet.