Emner: ITAL121 Italiensk språk 1 - Høst 2019
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Undervisningsspråk
Italiensk og norsk
Undervisningssemester
Vår
Emnet går første gong våren 2019
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje ei første systematisk innføring i italiensk grammatikk.
Øvingane som inngår i emnet, har som mål å integrere grammatikken i studiet av enklare tekstar for å øve opp evna hjå studentane til å forstå italiensk og sjølve kunne uttrykkje seg.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- har kunnskap om hovuddraga i einskilde sider av italiensk grammatikk.
Dugleik
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan forstå og gjere greie for utvalde grammatiske problemstillingar
- kan bruke desse kunnskapane i sitt vidare studium av italiensk.
Generell kompetanse
Dei studentane som har gjennomført emnet,
- kan gjennomføre eit prosjekt som strekkjer seg over tid
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoff.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Italienskkunnskapar minst på nivå med dei som emnet ITAL100 gjev.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ITAL121 redusert med 10 studiepoeng dersom emnet blir kombinert med ITAL111 eller ITAL101.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga i emnet har form av førelesingar og seminarverksemd med øvingar.
Omfanget av undervisninga i emnet vil normalt vere ein dobbeltime førelesing (det vil seie 2 undervisningstimar) og 2 timar oppgåveseminar kvar veke i ein periode på til saman 10 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga. Oppmøtet blir kontrollert.
Godkjenninga av det obligatoriske arbeidskravet er berre gyldig i det semesteret det blir gjennomført og i semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein skriftleg eksamen på 4 timar. Eksamen består av fleire delspørsmål som tek opp problem det har vore arbeidd med i undervisninga. Både norsk og italiensk kan nyttast på prøva.
Hjelpemiddel til eksamen
Italiensk-italiensk ordbok, som studentane sjølve lyt ha med seg til eksamen.
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Det er òg vurdering tidleg i hausemesteret for studentar med gyldig godkjenning av det obligatoriske arbeidskravet frå semesteret før.
Litteraturliste
Litteraturlista opplyser om dei tekstar som til ei kvar tid gjeld for emnet. Litteraturlista vil vere klar på Mitt UiB innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Undervisningsopplegget blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for italiensk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no
Institutt