Etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har ei forståing av språksystemet.
- har grunnleggjande kulturell innsikt og kjennskap til daglegliv og skikkar.
Ferdigheiter
Studenten
- kan grunnleggjande grammatikk, vokabular og om lag 200 kanji. Hovudvekta ligg på normalt formelt språk, men uformelle former blir også introduserte.
- kan presentere seg sjølv og fortelje om dagleglivet sitt både munnleg og skriftleg.
Generell kompetanse
Studenten
- har grunnleggjande innsikt i grammatiske strukturar på begynnarnivå.
- har eit språkleg nivå tilsvarande Japanese Language Proficiency Test, nivå 5
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for JAP110 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med JAP010, 10 studiepoeng om det blir kombinert med JAP013 og 15 studiepoeng om det blir kombinert med JAP101 eller JAP102.
Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og gruppeundervisning, samt individuell rettleiing i samband med skriftleg arbeid.
Det er om lag 10 timar førelesing og 2 timar samtalegrupper i veka i 12 veker.
Mappeevaluering. 7 av dei obligatoriske innleveringsoppgåvene og kunnskapsprøvene skal inngå i mappa: tre kanjitestar, tre grammatikktestar og éin stil.
Dei utvalde arbeida dannar grunnlag for ei samla karaktersetjing.
Pensum består av ei innføringsbok i japansk med tilhøyrande arbeidsbok og CD. Verket inneheld dialogtekstar, grammatikkutgreiingar, vokabular, øvingar og skriftteikn. Eit oppslagsverk i japansk grammatikk blir også nytta , samt ei lærebok/øvingsbok i skriftteikn. I tillegg kjem utvalde tekstar som vert utleverte på førelesingane.
Det blir utarbeidd ei liste over tilrådd tilleggslitteratur.
studierettleiar@if.uib.no
eksamen@if.uib.no