Emner: JAP205 Japansk språk 3 - Vår 2019



Studiepoeng

20.0

Studiepoeng, omfang

20

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk og japansk

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

JAP205 byggjer på JAP120, og har undervisning på mellomnivå i og om det japanske språket, med vekt på forståing av tekst i ulike sjangrar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- kan lese og forstå autentiske tekstar ved å omsetje dei til norsk.

 

Ferdigheiter

Studenten

 

 

Generel kompetanse

Studenten

- har grunnleggjande innsikt i grammatiske strukturar på lågare mellomnivå.

- har eit språkleg nivå tilsvarande Japanese Language Proficiency Test, nivå 3.

Krav til forkunnskapar

Fullført JAP120 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for JAP205 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med JAP220 eller JAP211.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på bachelorprogram i japansk.

Arbeids- og undervisningsformer

 Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar, gruppeundervisning samt individuell rettleiing i samband med skriftleg arbeid.

JAP205 går over 10 veker med om lag10 undervisningstimar og 2 gruppetimar i veka.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dette emnet har 8 innleveringsoppgåver og kunnskapsprøver. Alle dei 8 oppgåvene må vere godkjende i same semester for at kandidaten skal kunne framstille seg til vurdering.

Det er obligatorisk oppmøte til minst 80 prosent av undervisninga.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappeevaluering. 5 av dei obligatoriske innleveringsoppgåvene og kunnskapsprøvene skal inngå i mappa: to kanjitestar, to grammatikktestar og éin stil.

Dei utvalde arbeida dannar grunnlag for ei samla karaktersetjing.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum består av lærebøker i japansk på mellomnivå med tilhøyrande cd-ar. Verka inneheld dialogtekstar, prosatekstar, grammatikkutgreiingar, praktiske øvingar og skriftteikn. Eit oppslagsverk i japansk grammatikk blir også nytt, i tillegg til utvalde tekstar som blir utleverte på førelesingane.

Det blir utarbeidd ei liste over tilrådd tilleggslitteratur.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for japansk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

eksamen@if.uib.no