Emner: JAP252 Bacheloroppgave i japansk - Vår 2019



Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår (andre halvdel)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet er å gi ei breiare og djupare forståing for ulike sider ved det japanske språket, kulturen og samfunnet og å få trening i kritisk lesing av ulike akademiske tekster og skriving av slike.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten

- kan lese akademisk tekst om ulike Japan/japansk-relaterte tema med kritisk blikk og fokus på kunnskap, innsikt og argumentasjon.

- har djupnekunnskap om eit avgrensa område innanfor eit japansk-relatert tema.

 

Ferdigheiter

Studenten

- kan gjere seg nytte av kunnskapar han/ho har tileigna seg under utvekslingsopphaldet.

 

 

Generell kompetanse

Studenten

- kan produsere akademisk tekst og ta imot råd og rettleiing undervegs.

- kan halde munnleg presentasjon om oppgåvetemaet sitt.

Krav til forkunnskapar

Fullført JAP205 eller tilsvarende, og avsluttet utvekslingsopphold i Japan.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for JAP252 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med JAP251 eller JAP250.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av seminar og einskilde førelesingar, med minst 2 timar pr. veke i 10 veker. Undervisninga startar primo mars.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 

Det er obligatorisk med rettleiing to gonger på bacheloroppgåva. Studentane skal òg ha munnleg framlegging i samband med oppgåva i løpet av semesteret. Samla godkjente arbeidskrav er gyldige berre i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Ei rettleidd bacheloroppgåve på 10-15 sider om sjølvvalt emne.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum består av artiklar frå bøker og tidsskrift som er eigna til diskusjon og framføring av argumentasjon.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for japansk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

eksamen@if.uib.no