Emner: JOU201 Journalistisk praksis - Høst 2019




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med dette emnet er at studentane gjennom to separate, lengre praksisperiodar skal bli trygge på utfordringar dei møter i den verkelege journalistiske verda, og at dei skal ha rom og tid til å reflektere over det dei erfarer på vegen.

Semestret blir innleidd med ei intensiv rekke seminar/workshops for studentar og deira praksisrettleiarar. Her diskuterer og reflekterer deltakarane over arbeidsprosessar som vegar til å utvikle fagleg autonomi og eit kvalifisert og sjølvstendig journalistisk skjønn innafor gitte rammer. Deretter går studentane ut i praksis primært hos bedrifter i Media City Bergen, men potensielt også hos andre mediebedrifter. Praksisperioden er delt i to, der kvar periode varer i åtte veker. Praksis bør primært gjennomførast i to ulike bedrifter, subsidiært på to ulike felt i same bedrift. Begge praksisperiodane blir avslutta med ein kort praksisrapport. Mellom første og andre periode er det sett av ei veke der studentar og faglærarar møtest til ein intensiv workshop der metodiske verktøy, etikk og eventuelle andre relevante tema frå praksisen blir løfta opp og arbeidd vidare med.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

JOU101, JOU102 og JOU103

Studiepoengsreduksjon

MEVI261 (10 sp)

Krav til studierett

Bachelorprogram i journalistikk (BASV-JOU)

Arbeids- og undervisningsformer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Vurderingsformer

To praksisrapportar

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Ved sjukdom under heimeeksamen eller ved oppgåveinnlevering, har ein ikkje rett til ny eksamen påfølgande semester. Instituttet kan likevel innvilge utsetting av innleveringsfrist. Normalt blir det gitt utsetting på 1-3 dagar. Ved sjukdom eller andre særskilde forhold må du ta kontakt med studiekonsulent (studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no) før innleveringsfristen. Ved innleveringsutsetting må legeattest/dokumentasjon visast.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap