Emner: KIN101 Kinesisk språk 1 - Høst 2019




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Kinesisk og engelsk/norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette er eit tilbod til studentar som ønskjer grunnopplæring i moderne mandarin. Mandarin er hovudspråket i mellom anna fastlands-Kina og Taiwan, og er inngangsporten til ei av verdas eldste sivilisasjonar. Det er det språket i verda som har flest morsmålsbrukarar.
Studentane skal tileigne seg praktisk dugleik i moderne mandarin, både skriftleg og munnleg. Dei skal lære seg god uttale ved hjelp av transkripsjonssystemet Hanyu pinyin, eit grunnleggjande vokabular, samt eit visst tal skriftteikn.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane ha innleiande kunnskap om utsjånaden og oppbygginga til kinesiske teikn. Dei skal kunne lese enkle tekstar og føre ein enkel samtale på mandarin.

 

Studentane skal

- ha tileigna seg basisvokabular og basisgrammatikk.

- ha tileigna seg eit vokabular på 300 ord knytt til daglegliv og 160 nye skriftteikn

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

God dugleik i engelsk

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for KIN101 redusert med 15 studiepoeng om det blir kombinert med KIN621 eller KIN623.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar. Det er om lag 10-12 timar undervisning i veka, i 6 veker i første halvdel av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere inn 6 skriftlege oppgåver og få godkjend minimum 4 av desse. I tillegg må studenten levere inn 6 munnlege oppgåver på omkring 5-10 minutt, som faglærar gir tilbakemelding på. Oppgåvene skal leverast som lydfiler.

Det blir kravd at studentane har 75 % oppmøte til undervisninga for å få vurdering i emnet. Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Totalt 12 lydfiler skal inngå i mappa: Dei 6 obligatoriske munnlege oppgåvene på 5-10 minutt og 6 omarbeidde utgåver av desse munnlege oppgåvene. Dei utvalde arbeida dannar grunnlag for ei samla karaktersetjing, der både progresjon og kvalitet inngår i vurderingsgrunnlaget. Heile mappa skal leverast ved slutten av emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av ement nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret for dei som har godkjende obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Tekstbok for nybyrjarar med tilhøyrande arbeidsbok, og multimediaverkty.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisinga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no