Emner: KIN201 Kinesisk språk 5 - Høst 2019




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningsspråk

 Kinesisk og engelsk/norsk

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

Bergen.
For dei som reiser på studieopphald, vil også Kina vere undervisningsstad i nokre veker av semesteret.

Mål og innhald

KIN201 byggjer på KIN103 og KIN104 og har undervisning på mellomnivå i og om det kinesiske språket. Hovudvekta i kurset ligg på praktiske leseferdigheiter, skriftleg produksjon og forståing.

Tilbod om eit kortare studieopphald ved eit kinesisk universitet kan bli aktuelt som del av KIN201. Informasjon vil bli gjeve i starten av semesteret og på emnesida i Mitt UiB.

Læringsutbyte

 Ved kursets slutt skal kandidaten

- ha tileigna seg vokabular og grammatikk på mellomnivå.

- meistre eit vokabular på ca. 800 ord knytt til kvardags- og samfunnsliv og nærmare 160 skriftteikn.

- ha auka tekstforståing og skriveferdigheiter.

- kunne uttrykkje eigne synspunkt på ulike tema.

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

 KIN104 eller tilsvarande forkunnskapar. God dugleik i engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar og seminar.3 førelesingar og 2 gruppetimar i veka i 12 veker.

Talet på undervisningsveker ved UiB vil bli redusert for dei som deltek på studieopphald ved eit kinesisk universitet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på 75 prosent av undervisninga. Emnet har 8 obligatoriske heimeoppgåver, og det er eit krav å få godkjent minimum 6 av desse.

Dei godkjende arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og påfølgjande semester.

Vurderingsformer

 Fire timar skriftleg eksamen i lesedugleik, grammatikk og skrivedugleik.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

 Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen vert arrangert i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret for dei som har godkjende obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Tekstbok med tilhøyrande arbeidsbok, og multimediaverktøy. Ordbøker og eiga grammatikkbok.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no