Emner: KUVI250 Bacheloroppgave i kulturvitenskap - Høst 2019
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår. Emnet skal gå kvar vår frå 2017. Emnet blir óg tilbudt haust 2016, i ein overgangsfase.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet er obligatorisk i ei spesialisering i kulturvitskap. Emnet skal gi studentane god kjennskap i kulturvitskaplege problemstillingar og metode gjennom sjølvstendig utforsking av eit tema. Dette skal resultere i bacheloroppgåva. I samråd med rettleiar kan studenten velje temaområde ut frå eigne interesser, og så fordjupe seg i denne tematikken gjennom bacheloroppgåva. I oppgåva skal studenten gjennomføre ein empirisk analyse av eit valt materiale.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskapar om metode og om korleis eit forskingsarbeid kan gjennomførast.
- har kunnskapar om sentrale teoriar og forsking innan den sjølvvalde tematikken til bacheloroppgåva.
Ferdigheiter
Studenten
- kan utvikle, avgrense og formulere fruktbare kulturvitskaplege problemstillingar innan temaet.
- har ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og empiri som er relevant for problemstillinga.
- har ferdigheiter i metode, analysere forskingslitteratur/empiri, gjengi og vere i dialog med forskingslitteraturen og kan trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette, formidla i skriftleg arbeid.
Generell kompetanse
Studenten
- har grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid.
- kan resonnere, syntetisere og dokumentere eit fagleg akademisk arbeid.
Krav til forkunnskapar
Studenten må ha avlagt minst 45 studiepoeng i kulturvitskaplege emne for å kunne melde seg opp til emnet
Tilrådde forkunnskapar
Studenten må kunne lese norsk, engelsk og svensk.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer gjennom førelesingar, seminarverksemd/ grupperettleiing og individuell rettleiing. Studentane sitt arbeid med emnet er konsentrert om utarbeiding av bacheloroppgåva.
Undervisninga vil fokusere på oppgåveskriving, metode og kulturvitskapleg analyse. Studentane får tildelt rettleiar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å delta på seminar, levere inn tekstar og å kommentere tekstane til dei andre studentane som deltar på emnet. Det er også obligatorisk å delta på undervisninga som går føre seg på Universitets biblioteket. Vidare er det obligatorisk å møte til to individuelle rettleiingar.
Emneansvarleg skal godkjenne pensumlista.
Studenten må få godkjent aktivitetane for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsformer
Rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve).
Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår/haust
Litteraturliste
Obligatorisk litteratur for emnet vil være på 600 - 750 sider. Studentane skal i tillegg leggja opp eit pensum på ca. 600-750 sider som omhandlar det sjølvvalde temaområdet.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert jamleg, i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no