Emner: LING350 Lingvistikk mastergradsoppgave - Vår 2019
Studiepoeng
60.0Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust/vår.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Studenten vel eit lingvistisk emne som han/ho vil undersøkje vitskapleg. Resultatet av undersøkinga skal leggjast fram i form av ei masteroppgåve. Oppgåva treng ikkje leggje fram nytt materiale eller føre til nye originale konklusjonar for å bli godkjend, men det blir stilt krav til vitskapleg metode og handsaming av stoffet.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten kan:
- gjengi og drøfte problemstillingar innan språkvitskap
- knytte desse problemstillinger til teoriar og tidligare forsking
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- gjennomføre ein sjølvstendig, avgrensa lingvistisk studie under rettleiing
- analysere og kritisk vurdere ulike data, metodar og informasjonskjelder og nytte dei til a¿ strukturere og formulere lingvistiske resonnement
- uttrykke sine resonnementer om språkvariasjon skriftlig i form av en masteroppgåve
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- analysere språkvitskaplege problemstillingar
- formidle eit sjølvstendig arbeid og meistre lingvistiske uttrykksformer
- kommunisere om lingvistiske problemstillingar, analysar og konklusjonar
Masteroppgåva skal kvalifisere studenten til å drive forsking innanfor lingvistiske emne.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i lingvistikk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Val av emne for masteroppgåva må godkjennast av fagmiljøet. Det må falle innanfor dei lingvistiske disiplinane der fagmiljøet sjølv har eller kan skaffe den naudsynte kompetansen. I arbeidet med masteroppgåva har studenten krav på å få tildelt ein fagleg rettleiar. Fagmiljøet avgjer kven som skal vere rettleiar for kvar enkelt student.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Student og rettleiar skriv båe under på ein rettleiingskontrakt.
Før den munnlege slutteksamenen skal studenten ha halde eit seminarinnlegg på eit instituttseminar. Innlegget kan vere ein presentasjon av delar av masteroppgåva eller ei innleiing til diskusjon om eit anna arbeid.
Vurderingsformer
Masteroppgåva skal innleverast innan dei gjeldande fristane. Etter at masteroppgåva er godkjend og evaluert, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen som har tilknyting til masteroppgåva. Munnleg eksamen kan justere karakteren for masteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned. Oppgåva skal vere på mellom 70 til 110 sider
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Det blir lagt opp eit pensum på om lag 1500 sider i samråd mellom kandidat og rettleiar
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no