Emner: LITTIF200 Litteraturteori - Høst 2019
Studiepoeng, omfang
5
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Normalt engelsk
Undervisningssemester
Vår
Emnet går første gang våren 2019
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi ei innføring i fortolking- og diskursteori med eit innslag av ulike teoretiske retningar som har vore relevante for europeisk litteratur.
Innhald:
Studiet vil vere sett saman av eit utval litteraturteoretiske tekstar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- Har grunnleggjande kunnskap om eit utval teoretiske retningar som har vore relevante for fortolkings- og diskursteori innan europeisk litteratur
- har kunnskap om forholdet mellom litteratur, samfunn, kultur, makt, kjønn og identitet
Ferdigheiter
Studenten
- kan drøfte fagstoffet i eit mindre skriftleg arbeid
- kan problematisere og reflektere omkring korleis ulike teoretiske retningar eller skolar har tolka europeisk litteratur på ulike måtar
Generell kompetanse
Studenten
- kan demonstrere kunnskap og evne til fagleg drøfting i eit skriftleg arbeid
- kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling knytt til fagstoffet.
- kan vidareutvikle kunnskapane, ferdigheitene og forståinga si av fagstoffet gjennom vidare studium.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir undervist i sentrale delar av pensum i hovudsak i form av oversynsførelesingar. Normalt blir det gitt førelesingar to timar i veka i fire veker. Det kan også bli aktuelt å organisere undervisninga i ei eller fleire blokker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein to timars skoleeksamen. Eksamen kan bli gitt tidleg i semesteret.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
I pensumoversynet på internett ligg det opplysningar om kva tekstar som til ei kvar tid er pensum.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for fremmedspråk
Emneansvarleg
Institutt for fremmedspråk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
mailto:Studierettleiar@if.uib.nomailto:Studierettleiar@if.uib.no
Institutt
Institutt for fremmedspråk