Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan...
Ferdigheitar
Studenten kan...
Generell kompetanse
Studentn kan...
Mastergradsoppgåva skal skrivast i tråd med APA-standarden, med enten halvanna eller dobbel linjeavstand og med mindre figurar og tabellar inne i teksten heller enn på slutten. Omfanget bør vere mellom 12 500 og 16 000 ord, men kan vere kortare om alt det naudsynte er dekka. Forord, samandrag, referanseliste og appendiks kjem i tillegg. Omfanget skal vere på 40-50 tekstsider (rettleiande). Oppgåva skal skilje seg frå artikkelforma ved at innleiinga har ein breiare gjennomgang av litteraturen og ein meir omfattande presentasjon av bakgrunn og problemstillingar enn det som kjenneteiknar artikkelformatet. Like eins skal diskusjonen vere meir inngåande enn det som er vanleg for artikkelformatet. Oppgåve kan skrivast på norsk eller engelsk. Det skal vere eit samandrag på norsk og på engelsk, kvart på om lag 200 ord.
Som hovudregel skal studentane skrive masteroppgåve parvis. Forfattarane, der det er meir enn ein, skal medverke med likeverdig innsats i arbeidet. Det skal ved innlevering av masteroppgåva leverast eit skjema med "erklæring av eigenarbeid i masteroppgåvearbeidet", signert av både kandidatar og rettleiar.
Rettleiinga er regulert gjennom ein nærare spesifisert rettleiingsavtale. Delar av rettleiinga kan bli gitt i grupper.
Dei som får innvilga ønskje om 30 sp masteroppgåve og skal på utreise, må inngå rettleiaravtale og få godkjenning av plan for arbeidet av rettleiaren.
Masteroppgåva blir evaluert av ein komité på to fagpersonar der minst éin skal vere ekstern (dvs. ikkje tilsett ved Universitetet i Bergen). Karakteren vert fastsett på grunnlag av det skriftlege arbeidet.
På den skriftlege masteroppgåva blir det sett ein felles karakter for alle kandidatar som skriv oppgåve saman. Ved fastsetjing av karakter på det skriftlege arbeidet blir det nytta ein gradert karakterskala frå A til F.
Masteroppgåva skal leverast elektronisk på Studentweb. Studenten kan levere inn masteroppgåva når den er ferdig, likevel innan fristen for normert studietid. Studenten skal ha stått på eksamen i fellesemna og fordjupningsemna på studieretningane før innlevering av masteroppgåva.
For meir informasjon, ver god å ta kontakt med studierettleiar/ informasjonssenter:
Tlf: 5558 2710
E-post: studieveileder.psyfa@uib.no