Haust og vår
Studentane skal gjennom kurset tileigne seg grunnleggjande kunnskap og øving innan samfunnsvitskapleg metode. Siktemålet er å gi studentane forståing for vitskaplege arbeidsmåtar som grunnlag for vidare arbeid med faget, samt å gi dei innsikt i konkrete forskingsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis.
Kurset gir ei generell innføring i samfunnsvitskaplege metodar, med vekt på ulike opplegg for innsamling og analyse av forskjellige typar data. I kurset vert m.a. casestudiar, komparativ metode, regresjonsanalyse og innhaldsanalyse, gjennomgått.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
Ferdigheiter
Studenten kan
Generell kompetanse
Studenten kan
Førelesingar, seminar, kollokviegrupper og laboratoriearbeid i PC-stover.
Talet på førelesingstimar: rundt 36
Talet på seminar/kollokvietimar: 20-24
Innlevering av fire øvingsoppgåver, to i kvalitative og to i kvantitative metodar. Oppgåvene er obligatoriske og skal være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.
Seks timers skriftleg eksamen
studieveileder@isp.uib.no/ studieveileder@aorg.uib.no/ studieveileder@sos.uib.no
Emnet er eit samarbeid mellom Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Institutt for samanliknande politikk og Sosiologisk institutt.