Emner: MIX202 Design for mediebruk - Høst 2019




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gjere studenten kjend med utfordringane knytte til design av system og grenseflatar som presenterer medieinnhald til mediebrukarar. Døme er nye interaktive forteljingsformat, nye metodar for å aksessere nyhende, og nye bruksformer for spelelement i sosiale media. Emnet inkluderer følgjande tema:

Modul 1 er dedisert til forsking på mediebrukarar, brukartrendar og brukarmønster, med utgangspunkt i publikumsforsking og resepsjonsstudiar. Det vil vere særleg fokus på brukartrendar i samtida knytte til konvergens, sosiale media, personalisert, interaktiv og brukargenerert innhald og spel.

Modul 2 fokuserer på å utvikle ein prototype på eit interaktivt system som støttar nye brukartrendar. Prototypen vert utvikla i grupper.

Modul 3 fokuserer på forskingsmetodar knytt til medieoppleving og brukarfortolkingar, som til dømes etnografiske studiar, og metodar utvikla innan brukarsentrert design, som til dømes kontekstuelle spørjingar (contextual inquiry). Emnet inkluderer også øving innan bruk av lab for brukarundersøkingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

Krav til studierett

Reservert for studentar på bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign

Arbeids- og undervisningsformer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking i all organisert undervisning.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

Godkjende obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Tre deleksamenar:
  1. Individuell oppgåve: Studentane skriv ei individuell oppgåve på om lag 3000 ord knytt til modul 1. (teller 1/3)
  2. Gruppelevering: Studentane lagar ein prototype og ein skriftleg spesifikasjon på om lag 1500 ord knytt til modul 2. (teller 1/3)
  3. Gruppelevering: Studentane skriv ein rapport på om lag 6000 ord frå feltstudie/brukarstudie knytt til modul 3. (teller 1/3)

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentane kvart tredje år, av faglærar kvart år

Programansvarleg

Programrådet ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultetet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap