Norsk
Målet med emnet er å gjere studenten kjend med utfordringane knytte til design av system og grenseflatar som presenterer medieinnhald til mediebrukarar. Døme er nye interaktive forteljingsformat, nye metodar for å aksessere nyhende, og nye bruksformer for spelelement i sosiale media. Emnet inkluderer følgjande tema:
Modul 1 er dedisert til forsking på mediebrukarar, brukartrendar og brukarmønster, med utgangspunkt i publikumsforsking og resepsjonsstudiar. Det vil vere særleg fokus på brukartrendar i samtida knytte til konvergens, sosiale media, personalisert, interaktiv og brukargenerert innhald og spel.
Modul 2 fokuserer på å utvikle ein prototype på eit interaktivt system som støttar nye brukartrendar. Prototypen vert utvikla i grupper.
Modul 3 fokuserer på forskingsmetodar knytt til medieoppleving og brukarfortolkingar, som til dømes etnografiske studiar, og metodar utvikla innan brukarsentrert design, som til dømes kontekstuelle spørjingar (contextual inquiry). Emnet inkluderer også øving innan bruk av lab for brukarundersøkingar.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
Ferdigheiter:
Studenten
Generell kompetanse:
Studenten
Obligatorisk deltaking i all organisert undervisning.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen
Godkjende obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.
Institutt for informasjons- og medievitskap