Vår.
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon:
Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.
Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk, du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.
Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.
Dette emnet bygger på MOL221 Eksperimentell molekylærbiologi I, og emna kan med fordel takast same semester.
MOL222 vil gje studentane teoretisk og praktisk introduksjon til viktige metodar og teknikkar i biokjemi og molekylærbiologi. Desse inkluderer arbeid med molekylær kloning, PCR, plasmidoppdyrking i bakterier, plasmidreinsing, restriksjonsenzymanalyse, overuttrykking av gener i mammalske cellelinjer, mikroskopi, gelelektroforese og Western Blotting. I tillegg vil studentane få eigenhandserfaring og fordjupning med bruk av nukleinsyredatabaser og andre bioinformatiske verktøy. Studentane vil læra dei fysiske og kjemiske prinsippa bak dei analytiske metodane.
Samstundes med dei praktiske aspekta ved emnet vil det også verta lagt særskilt vekt på dokumentasjon, kritisk evaluering, og kvalitativ og kvantitativ analyse av resultata. Tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid blir og vektlagt.
Emnet har som mål å gje solid grunnkunnskap i eksperimentell biokjemi og molekylærbiologi, og dannar grunnlag for vidare studie i molekylærbiologi.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
MOL100, KJEM110 og eitt av emna MOL200/MOL203/BIO103.
MOL221 må vere bestått eller takast same semester som MOL222. Andre emne med mye laboratorieundervising kan erstatte MOL221.