Emner: MOL310 Strukturell Molekylærbiologi - Høst 2019
Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Vår.
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptakethttp://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.
Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk, du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.
Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studentane kunnskap om forholdet mellom biomakromolekyl sin struktur og funksjon. Det vart lagt vekt på korleis fleire biomakromylekyl speler saman og gjev opphav til cella si mange funksjonar.
Innhald:
Protein vil få hovudfokuset i dette kurset. Punkt som vil bli dekt er korleis aminosyrer blir kombinert til primærs, sekundær-, tertiær- og høgareordens strukturar og kompleks, og korleis dei nye funksjonelle proteineigenskapane blir nytta i levande organismar. Andre biomolekyl og kompleks av biomolekyl vil generelt sett berre bli diskutert i samband med deira relasjon til protein. Kurset vil byggja vidare på konsept introdusert i tidligare kurs slik som folding, allosteri, katalyse og enzymologi, ligandbinding og effektorar, posttranslasjonelle modifikasjonar og signalisering. Et viktig aspekt ved kurset vil være korleis disse fenomena regulerer, og blir regulart av, proteinfunksjon. Emnet vil og by på introduksjonar til relevant metodologi, spesielt korleis ein eksperimentelt kjem framtil proteinstrukturar. Kurset vil og sjå på proteinevolusjon frå eit strukturelt perspektiv.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan forklare detaljert om
- dei forskjellige proteinstrukturnivåa, frå aminosyre nivå til større, kvartære kompleks
- kreftene og effektane som gir eit protein struktur
- korleis protein blir syntetisert, folda, og modifisert, og korleis slike prosessar verkar inn på deira funksjon
- korleis protein nyttar si strukturelle organisering for å oppnå eigenskapar som ikkje er til stades i enkeltkomponentane til proteinet
- korleis desse eigenskapane blir nytta til gjeremål på molekylært nivå i ei levande organisme
- korleis desse proteinfunksjonane blir styrt av modifikasjon, lokalisering og effektormolekyl
- korleis biomolekyl endrar eigenskapar og virkemåte avhengig av samanhengen dei opererer i
- relevant metodologi for å studere biomakromolekyl in vitro og in vivo
Ferdigheiter
Studenten kan
- gjere greie for (skriftleg og munnleg) korleis kunnskapen skissert over spelar saman i celleprosessar slik som signaloverføring, endo/eksocytose, cellemotilitet og genregulering
- velje riktig metodologi for å svare på enkle (og eventuelt vanskelege) spørsmål knytta til gitte makromolykylære problem
- orientere seg på rom- og tidsskalaen som er aktuell for å forstå biomakromolekyl
- løyse rekneoppgåver og teoretiske oppgåver knytt til tema tatt opp i emnet
- i gruppe produsere ei obligatorisk oppgåve rundt eit MOL310-relevant tema valt sjølv. Oppgåva og skal halde et godt nivå med tanke på forståing, klarheit og fagleg terminologi
- bruke Pymol, eit program for handtering av proteinstrukturar, på eit nybegynnernivå.
Generell kompetanse
Studenten har etter avlagt emne...
- evne til å setje tema tatt opp i MOL310 inn i ein større biologisk og kjemisk samanheng, og dessutan gjere egne slutningar uavhengig av eksisterande tekst
- kunnskap om korleis spesielt protein oppnår sine spesifikke og unike eigenskapar
- evne til å formidle kvalitative og kvantitative aspekt ved strukturell molekylærbiologi, munnleg og skriftleg, både til spesialistar og ikkje-spesialistar.
- evne til å navigere seg fram til og forstå innhald i The Protein Databank.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande omfang molekylærbiologisk kunnskap.
Tilrådde forkunnskapar
Generell god bakgrunn i organisk kjemi og molekylærbiologi.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte til orienteringsmøte angåande skriftleg oppgåve. Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.
Første forelesing/orienteringsmøtet er obligatorisk.
Vurderingsformer
Skriftleg oppgåve (25%) og skriftleg skuleeksamen, 4 timar (75%). Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar. Alle eksamenar må være fullført for å få karakter i emnet i undervisningssemesteret.
For semester utan undervisning kan studenten avlegje skrifteleg eksamen dersom dei har gyldig vurdering på skriftleg oppgåve. Resultatet frå oppgåva (25%) og skrifteleg eksamen (75%) utgjer karaktergrunnlaget.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no