Emner: MOL310 Strukturell Molekylærbiologi - Vår 2019




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår. Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.

Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk,du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.

Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentane kunnskap om forholdet mellom biomakromolekyl sin struktur og funksjon. Det vart lagt vekt på korleis fleire biomakromylekyl speler saman og gjev opphav til cella si mange funksjonar.

 

Innhald:

Protein vil få hovudfokuset i dette kurset. Punkt som vil bli dekt er korleis aminosyrer blir kombinert til primærs, sekundær-, tertiær- og høgareordens strukturar og kompleks, og korleis dei nye funksjonelle proteineigenskapane blir nytta i levande organismar. Andre biomolekyl og kompleks av biomolekyl vil generelt sett berre bli diskutert i samband med deira relasjon til protein. Kurset vil byggja vidare på konsept introdusert i tidligare kurs slik som folding, allosteri, katalyse og enzymologi, ligandbinding og effektorar, posttranslasjonelle modifikasjonar og signalisering. Et viktig aspekt ved kurset vil være korleis disse fenomena regulerer, og blir regulart av, proteinfunksjon. Emnet vil og by på introduksjonar til relevant metodologi, spesielt korleis ein eksperimentelt kjem framtil proteinstrukturar. Kurset vil og sjå på proteinevolusjon frå eit strukturelt perspektiv.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan forklare detaljert om

 

Ferdigheiter

Studenten kan

 

 

Generell kompetanse

Studenten har etter avlagt emne...

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande omfang molekylærbiologisk kunnskap.

Tilrådde forkunnskapar

Generell god bakgrunn i organisk kjemi og molekylærbiologi.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftleg oppgåve. Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.

Første forelesing/orienteringsmøtet er obligatorisk.

Vurderingsformer

Skriftleg oppgåve (25%) og skriftleg eksamen, 4 timar (75%). Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

For semester utan undervisning kan studenten avlegje skrifteleg eksamen dersom dei har vurdering på skrifteleg oppgåve. Resultatet frå oppgåva (25%) og skrifteleg eksamen (75%) utgjer karaktergrunnlaget.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no