Emner: NOFI302 Norrøn filologi spesialisert emne II - Høst 2019




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningsspråk

Skandinavisk. Etter behov kan undervisninga gjevast på engelsk.

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

NOFI302 omfattar eit tema frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester.

Målet med dette emnet er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei har oppnådd i bachelorstudiet, og at emnet skal vere med på å skape breidd og kontrast i masterstudiet.

Tema haust 2019: Norrøne teksthistorier

Dette kurset skal gje ei innføring i tre utvalde norrøne tekstar, der vi skal sjå på tekstoverleveringa og tekstvariasjonen, forutan på innhaldet av sjølve teksten ¿ kort sagt på heile teksthistoria deira. Dei tre tekstane er Konungs skuggsjá, Þiðriks saga af Bern og Króka-Refs saga. Kurset rettar seg mot både bachelor- og masterstudentar, og det kan takast med fleire kurskodar. Desse har til felles at studentane skal skrive ei heimeoppgåve: i NOFI250 ei bacheloroppgåve, i NOFI210 og NOFI300 ei semesteroppgåve, og i NOFI302 ein heimeeksamen. Alle oppgåvene kan skrivast med grunnlag i ein eller fleire av dei tre tekstane som blir drøfta på kurset. Til hjelp for arbeidet med oppgåvene vil den siste delen av kurset bli avsett til rettleiing av oppgåvene, og både då og elles i kurset reknar vi med aktiv deltaking frå studentane. 

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI302

- har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset

- har god forståing av temaet i forhold til andre tema i norrønfilologien

- har god innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast skriftleg

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling

- kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand

- kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur

- kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling

- kan organisere ei fagleg gransking i ei god, skriftleg form

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema, både skriftleg og munnleg

- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk og har øvd seg i å lese tekstar på andre språk enn desse

- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt

- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

Krav til forkunnskapar

NOFI101 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Kurset overlappar ikkje med andre emne.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i norrøn filologi.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: om lag 2 timar i veka i om lag 12 veker.

I alt om lag 24 timar undervisning.

Undervisninga på masternivå blir organisert som seminar der studentane må delta aktivt og kome med sjølvstendige bidrag til diskusjonen. Det blir venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Undervisninga i NOFI302 vil som oftast vere samanfallande med undervisninga i andre NOFI-kurs på 300-nivå, og kan også vere samanfallande med undervisninga i norrønfilologiske tema på 200-nivå. I så fall blir det teke individuelle omsyn til dei behova som studentane har på dei ulike kursa.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning i samsvar med instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar i vårsemesteret / 1. september i haustsemesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte på minst 75 % av undervisninga.

2) Ein presentasjon (20¿25 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Heimeeksamen og justerande munnleg eksamen.

Den første delen er ein heimeeksamen på 7 dagar, der temaet blir fastsett av faglæraren. Oppgåva skal ha eit omfang på 10¿14 sider (20 000¿28 000 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Studenten kan skrive på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Den andre delen er ein justerande munnleg eksamen, som omfattar heimeoppgåva og pensumet i emnet. Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på heimeeksamenen med inntil 1 karakter opp eller ned.

Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg.

Dersom studenten ikkje leverer heimeeksamen eller stryk på denne, kan han eller ho ikkje møte til munnleg eksamen.

Det er ikkje høve til å bruke heimeeksamenen på nytt i eit seinare semester. Studenten må skrive ny heimeeksamen med tema gjeve av faglæraren i det aktuelle semesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med heimeeksamenen har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Under den munnlege prøva er ingen hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

NOFI302 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad (vekta sider). Det er eigne brøkar for vekting av tekstar i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur.

Ei fullstendig litteraturliste på skandinavisk blir lagd ut innan 1. desember for det påfølgjande vårsemesteret / innan 1. juni for det påfølgjande haustsemesteret. Om undervisninga blir gjeven på engelsk, vil studentane få tilbod om ei tilsvarande litteraturliste på engelsk.

Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no