Etter å ha studert dette emnet skal studentane
¿ identifisere og problematisere grunnleggjande litteraturteoretiske problem
¿ ha oversyn over sentrale litteraturteoretiske fagtekster
¿ kjenne til ulike metodiske tilnærmingar til arbeid med litterære tekstar
Studentane skal kunne
¿ kjenne att og ta stilling til tolkingsmønster i sentrale fagtekstar.
¿ vere i stand til å produsere metodemedvitne lesingar av litterære tekstar
¿ kunne utvikle eigne problemstillingar knytt til arbeidet med skjønnlitteratur
¿ nytte eit relevant teoretisk omgrepsapparat
Studentane skal òg kunne
¿ drøfte ulike teoretiske problem knytt til litterære analyser
¿ skrive metodemedvitne fagtekstar
Undervisningsmengde: om lag 24 timar førelesingar og seminar.
Seminara legg opp til høg grad av studentaktivitet.
Rettleiing på semesteroppgåve.
Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).
I haustsemesteret vil emnet ha felles undervisning med emnet NORMAU642, som er samlingsbasert.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar.
Sju dagars heimeeksamen (om lag 4500 ord).
Målforma på prøva vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamensdagen. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlistene vil vere klare innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.