Emner: NOLISP300 Nordisk: Prosjektforberedende emne - Vår 2019




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Norsk, ev. dansk og svensk

Undervisningssemester

Vår og haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Mål:

Hovudmålet med emnet er at studenten skal planlegge arbeidet med masteroppgåva si i samråd med oppnemnd rettleiar. Dette skal gjerast gjennom lesing av eit individuelt pensum og skriving ut frå det, og utforming av ei prosjektskisse.

Innhald:

Studentane førebur seg teoretisk og praktisk til arbeidet med masteroppgåva, dels i undervisning i gruppe, dels i samarbeid med rettleiar og dels ved sjølvstudium.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

 

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Det er 5 studiepoengs overlapp med NOLISP302 og 10 studiepoengs overlapp med NOLISP303.

Krav til studierett

Emne er ope for studentar med studierett på masterprogram i nordisk språk og litteratur og masterprogram i norrøn filologi

 

Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 4 timar med kombinasjon av førelesing og seminar tidleg i semesteret og om lag 4 timar seint i semesteret.

Individuell rettleiing gitt av rettleiaren, inntil seks timar per student, med slikt fokus som student og rettleiar finn tenleg (pensumgjennomgang, utkastvurdering osv.).

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Levering av pensumliste for den individuelle delen (sjå Litteraturliste) innan 15. mars i vårsemesteret og innan 1. oktober i haustsemesteret.

Ein tekst på ca. 1500 ord der studenten gjer greie for og drøftar sentrale tekstar frå den individuelle delen av pensumet. Studenten utformar oppgåvefokus og -vinkling i samråd med rettleiaren. Litteraturliste skal vere med som vedlegg utanom dei 1500 orda. Studenten vel målform sjølv. Studentar med studierett i norrøn filologi kan skrive på dansk, svensk eller engelsk (i tillegg til norsk).

Fylle ut og signere rettleiingskontrakt med tildelt rettleiar

Seint i semesteret: Munnleg presentasjon av planane for masterprosjektet med bruk av presentasjonsprogram. Presentasjonen skal ta om lag 10 minutt. Diskusjon av presentasjonen til ein annan student, om lag 5 minutt.

Godkjent aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

 

Vurderingsformer

Vurderinga på emnet er ei semesteroppgåve utforma som ei prosjektskisse. Skissa er ein plan for masteroppgåvearbeidet og skal vere på inntil 4000 ord. Ho skal normalt handsame tema, problemstilling/forskingsspørsmål, teoretisk grunnlag, faglitteratur og sekundærkjelder, faghistorisk plassering, avgrensing av primærkjeldene og vitskaplege metodar -- alt tilpassa det planlagde arbeidet. Framdriftsplan og tekstdisposjon skal vere med som vedlegg utanom dei 4000 orda.

Studenten vel målform sjølv.

Studentar med studierett i norrøn filologi kan skrive på dansk, svensk eller engelsk (i tillegg til norsk).

 

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med heimeoppgåva har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

 

Vurderingssemester

Vår og haust 

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og består av ein fellesdel på ca. 300 sider og ein individuell del på ca. 700 sider.

Litteraturlista for fellesdelen vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret og 1. juni for haustsemesteret.

Pensumet for den individuelle delen må settast saman av studenten i samråd med rettleiaren, som godkjenner pensumlista.

 

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium