Emner: NORAN604 Andrespråkslæring og -undervisning med vekt på vaksne - Vår 2019




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og videreutdanning

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Nettbasert studium.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk (andrespråkslæringsteori), og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning (andrespråksdidaktikk). Emnet skal særleg gje innsikt i vaksnes læring av norsk som andrespråk og i opplæring av minoritetsspråklege vaksne, og rettar seg spesielt mot lærarar som underviser vaksne andrespråksinnlærarar. Samtidig har emnet mykje generelt stoff som gjev kompetanse også for undervisning av barn og unge.

Dei læringsteoretiske delane av emnet omfattar mange ulike aspekt, både lingvistiske, kognitive og sosiale sider ved språklæring. I emnet inngår òg arbeid med innlærartekstar i eit læringsteoretisk perspektiv. Eit viktig spørsmål er spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, og om læringsprosessen følgjer generelle og faste mønster eller varierer frå individ til individ. Sentralt står også dei utfordringane vaksne står overfor i møte med eit nytt språk i ein ny kultur der dei skal etablere nye liv.

Dei didaktiske delane av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der innlæraren sin fleirspråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisning vert implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag. Fokuset er hovudsakleg på opplæringssituasjonen i Noreg, med vekt på den organiserte opplæringa for vaksne. Emnet tek òg opp ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap:

Studenten

 

 

Ferdigheiter:

Studenten

 

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NORAN101-F Norsk språk som andrespråk, EXFAC00SK Språk og kommunikasjon eller tilsvarande innføringsemne.

Tilnærma morsmålsnivå i norsk generelt, lesekompetanse i bokmål, nynorsk og engelsk og skrivekompetanse i bokmål og/eller nynorsk.

Studiepoengsreduksjon

NORAN603, NORAN604, NORAN104, NORAN104-F og det tidlegare emnet NORAN251-L har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.

Krav til studierett

Studenten må vere oppteken til NORAN604 (vidareutdanning).

Arbeids- og undervisningsformer

Ein del av undervisninga vert gjeven som førelesingar i form av skrivne nettleksjonar, videoar og lydfiler. Ein minst like viktig del av undervisninga er nettbasert og interaktiv av karakter, og det er en føresetnad at studentane tek del i denne nettaktiviteten.

I tillegg til den aktiviteten som går føre seg i plenum på nettet, deltek studentane òg i nettgrupper. Denne nettgruppeaktiviteten omfattar mellom anna nettkollokvium i "sann tid", i eit omfang på to timar kvar veke til eit visst klokkeslett. Kvar student skal også presentere ei oppgåve for nettgruppa si og få rettleiing både frå medstudentar og faglærar (jf. obligatoriske undervisningsaktivitetar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere utkast til ei oppgåve to gonger til fastsette fristar, først til nettgruppa og så til faglærar. I tillegg er det obligatorisk å kommentere oppgåvene til medstudentar i nettgruppa. Instituttet gjev nærare retningslinjer.

Deltaking i nettkollokvia er òg obligatorisk. Det vert stilt krav til aktiv deltaking etter nærare retningslinjer frå faglærer. Fråvær på meir enn 25 % medfører tap av retten til å gå opp til eksamen.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og dei to påfølgjande semestera.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på seks timar og ei rettleidd oppgåve på ca. 2500 ord. Skriftleg skuleeksamen tel 60 % og den rettleidde oppgåva 40 % av den samla karakteren. Ein må stå på begge delane for å stå på heile eksamenen.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring. Kandidaten nyttar målform etter eige val.

Det vert arrangert eksamen tidleg i det undervisningsfrie semesteret for kandidatar som har godkjente og gyldige obligatoriske arbeidskrav. Ved nytt eksamensforsøk i det undervisningsfrie semesteret eller det påfølgjande undervisningssemesteret, kan kandidaten velje om han vil ta opp igjen ein eller begge eksamensdelar. Den rettleidde oppgåva er oppgåva frå undervisningssemesteret; kandidaten har høve til å forbetre oppgåva, men kan ikkje få rettleiing.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk

Vurderingssemester

Vår.

Litteraturliste

Teoripensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet. Studenten skal også ha kjennskap til gjeldande læreplanar og aktuelle retningslinjer for opplæringa av andrespråksinnlærarar i Noreg.

I tillegg skal studenten gjere seg kjend med to læreverk i norsk som andrespråk for vaksenopplæringa.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Fagmiljøet i norsk som andrespråk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: prisme@uib.no