Emner: NOSPAN101 Moderne norsk - Vår 2019




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

 

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Norsk. Svensk og dansk kan òg bli brukte.

 

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt i studiet av moderne norsk brukt som første- og andrespråk. Det skal byggje opp ein grunnstamme av kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i bokmål.

Innhald:

Emnet har fire hovudtema:

(1) moderne norsk grammatikk, dvs. morfologi (ordoppbygning) og syntaks (setningsoppbygning), både bokmål og nynorsk

(2) ordkunnskap (særleg ordbetydning)

(3) tekstkunnskap

(4) moderne skriftspråkshistorie (frå 1800-talet til moderne bokmål og nynorsk)

Dei tre første temaa har vinkling mot norsk både som førstespråk og andrespråk. Norsk språk blir studert som sjølvstendig system, men det blir òg sett inn i typologisk samanheng med tanke på korleis det liknar på og skil seg frå andre språk, og korleis det blir lært av innlærarar med andre førstespråksbakgrunnar.

Studiet av den moderne skriftspråkshistoria skal gi studentane forståing av korleis den moderne skriftspråkssituasjonen har oppstått, med to målformer og stor valfridom i rettskrivingane.

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell

kompetanse:

Kunnskap

Studenten

har brei og god kunnskap om moderne norsk grammatikk (morfologi og syntaks) og metodar for morfologisk og syntaktisk analyse

har god kunnskap om ordbetydning og strukturen i ordtilfanget

har kunnskap om språklege drag ved tekstar

har noko kunnskap om likskapar og skilnadar mellom norsk og andre språk, særleg innanfor grammatikken (morfologi og syntaks)

har noko kunnskap om andrespråkslæring, innlærarspråk og utfordringar i læring av norsk

har god kunnskap om den historiske utviklinga av målformene bokmål og nynorsk og om den systematiske valfridommen innanfor kvar av dei

Ferdigheiter

Studenten

kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale

kan bruke enkel elektronisk programvare i framstilling av morfologiske og syntaktiske analysar

skriv korrekt og godt bokmål

Generell kompetanse

Studenten

kan gjennomføre faglege oppgåver under rettleiing og formidle resultata skriftleg

kan finne, vurdere og referere til relevant faglitteratur

har innsikt i etiske problemstillingar knytte til handsaminga av språkleg materiale

kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk språk, om tilhøvet mellom målformene og om norsk som andrespråk

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ex.fac. Språk og kommunikasjon eller tilsvarande. Gode ferdigheiter i skriftleg bokmål.

 

Studiepoengsreduksjon

Det er full overlapping med NOSP102, NOSP102-F. NORAN101-F og NOSPAN101 har 10 studiepoeng fagleg overlapp.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen

 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsformene er førelesingar og oppgåveseminar.

Førelesingar: ca. 52 timar.

Oppgåveseminar: ca. 52 timar, der faglærar vil vere til stades om lag halve tida. Her arbeider studentane med oppgåver i tilknyting til undervisningsstoffet.

Undervisninga blir vanlegvis fordelt med 4 timar førelesing og 4 timar oppgåveseminar i veka, men andre organiseringar kan òg førekomme. Førelesingar og oppgåveseminar kan vere fletta saman, slik at dei ikkje nødvendigvis er skilde i timeplanen.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei oppgåve på om lag 1000 ord innan ord- og/eller tekstkunnskap. Det blir gitt tilbakemelding på oppgåva. Oppgåva skal skrivast på bokmål.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisingssemesteret og semesteret etter.

 

Vurderingsformer

7 dagars heimeeksamen på 4000-5000 ord. Eksamenssvaret skal skrivast på bokmål.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med heimeeksamen har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

 

Vurderingssemester

Vår. Der er og vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk og norsk som andrespråk.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium