Forskingsmetodekurset er sett saman av tre delar: kvantitativ metode, kvalitativ metode og data-analyse/øvinger (der ein kan velja mellom øving i statistiske analysar og øving i kvalitative analysar). Innanfor kvantitativ metode vil emnet i hovudsak ta for seg anvending av den generelle lineære modellen, som blant anna omfattar regresjon og variansanalyse. Hovudfokuset i emnet er på parametrisk statistikk, men vil òg omfatte døme på ikkje-parametriske metodar. Innanfor kvalitativ metode vil kurset gje ei innføring i sentrale kvalitative tilnærmingar til designar, datainnsamling og analyse, og dessutan vitenskapsteoretisk forankring for desse. Hovudfokuset i kurset er på tre sentrale analytiske tilnærmingar: Fenomenologi, Grounded theory og diskursanalyse.
Studentane som vel øvinger i statistiske analysar, vil få trening i organiseringa av eit statistikkprogram, og kompetanse til å utføra ulike typar statistiske analysar ved hjelp av slike program. Studentane som vel øvinger i kvalitative analysar vil få trening i datainnsamling (intervju/observasjon), kvalitativ analyse, og dessutan nytta relevant programvare for å organisera og analysera kvalitativt forskingsmaterial.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Ved fullført emne kan studenten:
Ferdigheiter
Ved fullført emne kan studenten:
Generell komptanse
Emnet vil overordna gje studentane kompetanse til å kritisk vurdera eigne og andres resonnement ut frå vitenskapsteoretiske og metodiske perspektiv. Studentane vil få kjennskap til vanlege feilkjelder, etiske problemstillingar og avgrensingar knytt til både kvantitative og kvalitative metodar. Studentane skal vere i stand til å nytte metodiske omgrep i analysar av spørsmål som stammar frå ulike kjelder, som til dømes avisar og sosiale medium i tillegg til faglitteratur.