Vår
Emnet går første gang våren 2019
RUS240 har som mål 1) at studentane gjennom ei språkvitskapleg tilnærming får god innsikt i strukturen i utvalde emne i russisk språk, og 2) at dei får ei forståing av språket sin plass og rolle i eit språkleg, så vel som samfunnsrelatert perspektiv. Dei vil òg 3) utdjupa dugleiken sin i munnleg og skriftleg russisk og omsetjing frå norsk til russisk gjennom kollokvietimar og timar i skriftleg russisk.
RUS240 dannar eit godt fundament for vidare studium i russisk.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
Ferdigheiter:
Studenten
Generell kompetanse:
Studenten
RUS120, RUS130 og RUS131, eller forkunnskapar som svarar til desse emna.
Undervisninga startar vanlegvis med 8 veker undervisning i Bergen (normalt veke 3-12), der all teori blir gjennomgått, og blir fulgt av eit tilbod på normalt 4-6 veker undervisning ved ein russisk studiestad.
I veke 3-12 har emnet Russisk språk III normalt 8 timar undervisning i veka, delt på tre bolkar. Etter 1-2 timar med teori følgjer 1-2 timar med øvingar og munnleg russisk med språkpedagogen. Skriftleg russisk har normalt 1-2 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil vere førelesningar, øvingar og kollokvietimar og gjennomgang av skriftlege omsetjingar norsk-russisk og andre skriftlege arbeid.
Kurstilbodet i Russland har normalt 16-20 timar undervisning i fire til seks veker og omfattar undervisning på felt som er relevante for emna RUS240 og RUS251.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
1) Oppmøte til minst 70% av førelesingane.
2) Oppmøte til minst 70% av undervisninga med språkpedagogen.
3) Det blir òg kravd at studentane leverer minst ei skriftleg oppgåve som svarer til ei eksamensoppgåve i disiplinen Russisk språkstruktur, ei skriftleg oppgåve om russisk språk og minst 70% (6 av 9) av innleveringsarbeida i disiplinen Skriftleg russisk (A-oppgåver) og minst 2 fritekstar (B-oppgåver).
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Skriftleg skuleeksamen på 6 timar og munnleg eksamen.
Skriftleg eksamen omfattar spørsmål om russisk språk og ei omsetjing frå norsk til russisk. Svara på oppgåvene om russisk språk skal skrivast på norsk. Det skal omsetjast ein ukjent tekst til russisk.
Munnleg eksamen finn stad kring ei veke etter skriftleg eksamen.
Ved fastsetjing av samla karakter for emnet tel skriftleg eksamen 70% og munnleg eksamen 30%. Ein må ha ståkarakter i alle vurderingsdelane for å få ståkarakter i heile emnet.
Utvalde emne frå ein høveleg grammatikk, supplert med språkvitskapleg litteratur, diverse støttemateriale og øvingar, og eit hefte med oppgåver i skriftleg russisk.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.