Emner: RUS303 Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitenskap - Høst 2019



Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk og russisk; evt. engelsk ved behov

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Emnet har som mål å la studenten fordjupe seg i eitt eller fleire sentrale emne innanfor anten russisk språk, litteratur eller kultur. Fagmiljøet gjev undervisning i ulike særemne, alt etter kva lærarressursar som er til rådevelde og studentane sine faglege retningsval.


Studiet tar til dømes opp tema som dialektologi, intonasjon, språkleg variasjon, russisk språk etter perestrojka, avantgarden i russisk litteratur, moderne russisk prosa, den russiske romanen på 1800-talet, Kaukasus i russisk litteratur (fortid og notid), og Petersburg-myten i russisk litteratur og kultur.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten

 

 

Ferdigheiter

Studenten

 

 

Generell kompetanse

Studenten

 

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag er RUS301 og RUS302 eller tilsvarande emne.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i russisk ved UiB. Studentar på andre masterprogram med tilfredsstillande forkunnskapar kan søkje Institutt for framandspråk om å få melde seg til emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt gitt minimum ei dobbelttime førelesning i veka i ti veker, og individuell rettleiing. Dersom ressursane tillèt det, blir det i tillegg halde seminar minimum 3 dobbelttimar i semesteret.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Eit munnleg innlegg på russisk og fire omsetjingar (to norsk-russisk og to russisk-norsk) av pensumrelaterte tekstar.

 

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Mappa inneheld tre delar: 1) Ei skriftleg oppgåve/eit essay som skal skrivast på norsk, 2) ein skriftleg versjon av det munnlege innlegget (på russisk) og 3) ei kort skriftleg kunnskapsprøve (3 timar). Svara på kunnskapsprøva kan skrivast på norsk eller russisk. Alle delar av mappa må vere greidd i undervisningssemesteret. Mappa får ein samla karakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Omfanget på pensumet vil variere med emnet.

 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemeseret og innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for russisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no