Emner: SAMPOL260 Bacheloroppgave i sammenliknende politikk - Vår 2019




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

I løpet av emnet skal studenten skrive ei vitskapleg oppgåve med utgangspunkt i den faglege innsikta som er utvikla gjennom bachelorstudiet. Oppgåva skal ha grunnfeste i statsvitskapelege tema og perspektiv frå samanliknande politikk. I arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar innan eit forskingsområde i samanliknande politikk. Studenten kan òg nytte kunnskap tileigna gjennom studiar i andre fag. Studenten får rettleiing av ein fagperson i arbeidet med oppgåva.

 

Målet med emnet er at studentane skal utvikle evne til å utforme og analysere statsvitskaplege problemstillingar innan eit forskingsområde i samanliknande politikk. Emnet gjev innføring i kriteria for sjølvstendig, akademisk tekstproduksjon, og målsetjinga er at studenten skal realisere slike akademiske grunnpremiss gjennom å skrive ei individuell bacheloroppgåve.

 

Undervisinga kombinerer førelesingar med individuell rettleiing. Innføringsførelesingane fokuserer på sentrale aspekt ved oppgåveskriving: metodiske problemstillingar, problemstillingar knytt til sjølve skriveprosessen, litteratursøk, kjeldebruk og akademisk reielegheit. Emnet skal munne ut i eit sjølvstendig skriftleg arbeid utarbeidd av den einskilde studenten under rettleiing.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

Ferdigheiter

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

MET102 og enten SAMPOL110 eller SAMPOL105, SAMPOL106 og SAMPOL107

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL115 Demokrati og demokratisering. Det er tilrådd å ta emnet med ein så brei studiebakgrunn som mogleg, altså i 6. semester i bachelorgraden.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB som elles oppfyller krav til forkunnskapar.

Arbeids- og undervisningsformer

Form: Førelesingar, individuell rettleiing, seminargrupper.

Timer per veke: Varierer

 

Førelesingar, seminargrupper og individuell rettleiing. Undervisninga tek til med innføringsførelesingar. Seminaropplegget er organisert i oppstartsseminar med vekt på val av oppgåvetema og avgrensing av problemstilling, litteraturseminar med vekt på resultat av litteratursøk og oversyn over forskingsfeltet for oppgåva tidleg i semesteret, og førsteutkastseminar med framlegging av oppgåvetekst nærare innleveringsfristen. Kvar student har krav på ein rettleiar som og gir råd i arbeidet med bacheloroppgåva. Studenten kan få opp til 4 individuelle rettleiingsmøter fordelt utover semesteret.

 

Deltaking i seminaropplegget og individuell rettleiing føreset at studenten har søkt om rettleiar innan fastsette fristar som vert opplyst ved semesterstart.

 

Studentar som allereie har fått tilbod om rettleiing i SAMPOL260 eit semester, har ikkje krav på ny rettleiing i seinare semester. Dette gjeld både studentar som tek emnet om igjen og studentar som utset eksamensinnleveringa.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking og framlegging av tekst i to milepælseminar: 1) litteraturrapport og 2) førsteutkast. For å levere inn bacheloroppgåve til vurdering, må begge arbeidskrava vere godkjent.

Vurderingsformer

Individuell bacheloroppgåve på maksimalt 6000 ord. Oppgåva skal skrivast ut frå dei formkrav og tekniske krav som står i pensumheftet for emnet. Norsk, dansk, svensk og engelsk er godkjende språk oppgåva kan skrivast på.

 

Bacheloroppgåva skal skrivast ut frå eit valfritt tema. Instituttet tilrår at studenten vel oppgåvetema og problemstilling med utgangspunkt i dei tematiske emna som instituttet til underviser i. Studenten kan velje å ta utgangspunkt i tema som det ikkje blir undervist i, men då i samråd med instituttet.

 

Ei bacheloroppgåve, som før er innlevert og vurdert, kan ikkje leverast inn til eksamen i SAMPOL260 på nytt med mindre studenten på førehand kan dokumentere for instituttet at oppgåva har gitt svar på nye problemstillingar, og/eller at det er trekt inn nytt empirisk materiale (kjelder/data), og/eller at det er gjort ein radikalt endra analyse av tolkinga av empirien (jf. "Utfyllende grads- og studiereglement for Det samfunnsvitenskapelige fakultet"). Oppgåver som tidlegare har vore innlevert og vurdert ved andre utdanningsinstitusjonar, anten det er i Noreg eller i utlandet, kan ikkje leverast inn på nytt i SAMPOL260.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Full poengreduksjon med SAMPOL250

Vurderingssemester

Eksamen tilbys kun i undervisningssemesteret

Emneevaluering

Emnet evaluerast jamleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@isp.uib.no / 55583316

Institutt

Institutt for samanliknande politikk