Emner: SAMPOL307 Forskningsdesign og kvalitative metoder - Høst 2019




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

SAMPOL307 er eit emne i forskingsdesign. I tillegg til å studere eit breitt utval kjerneemnar innan forskingsdesign, vil studentane bli gjeve opplæring i logikk og bruken av datainnsamling og -analyse av kvalitative samfunnsdata.

Kurset fokuserer på logikken som ligg bak forskingsdesignet, og nytteverdien og relevansen av fleire forskjellige metodar innan kvalitativ datainnsamling og analysar av denne i samfunnsvitskaplege studiar.

Spesifikke emnar inkluderer: konseptualisering, kausalitet, casestudiar og samanlikning av par, komparativ metode, prosessporing, kvalitativ komparativ analyse (QCA), multimetodeanalyse, komparativ historisk analyse, feltarbeid og intervjuar.

For å bli kjent med korleis dei forskjellige metodane og forskingsdesigna blir brukt i praksis i publiserte artiklar, vil studentane lese eit utval forskingsartiklar og skrive fleire tekster som: (1) diskuterer korleis spesifikke metodar blir brukt og (2) evaluerer resultata av metodevala.

Emnet er delt inn i følgjande deler:

Konseptualisering, kausalitet, casestudiar, parvis samanlikning og einingsutval, komparativ metode, prosessporing, komparativ historisk analyse, kvalitativ komparativ analyse (QCA), multimetodeanalyse, feltarbeid og intervju.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Ferdigheiter

Generell kompetanse

 

 

 

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i samanliknande politikk eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL305 Multivariat dataanalyse og SAMPOL306 Masterseminar i komparativ politikk

Studiepoengsreduksjon

Full poengreduksjon mot SAMPOL304

Krav til studierett

Emnet er reservert studentar som er tatt opp til masterprogrammet i samanliknande politikk

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Fullstendig oppmøte i ikkje færre enn 13 av 15 gruppemøter

Vurderingsformer

Det vert gjeve ein samla karakter basert på (1) seks timars avsluttande eksamen (60%), og (2) tre innleveringsoppgåver på maksimum 1500 ord (40%).

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret. Ny skuleeksamen påfølgande semester berre for studentar med http://www.uib.no/svf/38461/gyldig-frav%C3%A6r-p%C3%A5-eksamen-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultetrett til ny vurdering, og som har levert alle tre oppgåvene i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg

Kontaktinformasjon

 

studieveileder@isp.uib.no