Emner: SANT350 Masteroppgave - Høst 2019




Studiepoeng

60.0

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vere eit fagleg sjølvstendig arbeid basert på eigne undersøkingar utført i emnet SANT320.

Straks etter feltarbeidet skal studenten ta kontakt med rettleiar for ein samtale om feltarbeidserfaringar og det vidare løpet. I byrjinga av semesteret følgjer studenten opp feltarbeidsrapporten med å skrive ein tekst på 3000 ord basert på eigen etnografi med det formålet å få i gang skriveprosessen. Teksten kan til dømes ta utgangspunkt i eit «case», ei viktig hending eller funn, eller eit metodologisk problem, og eventuelle analytiske implikasjonar av desse. Det kan vere utkast til eit kapittel, eit samandrag eller ei første skisse av argument studenten ønskjer å utvikle eller ei drøfting av analytiske omgrep som kan nyttast. Dette grovutkastet skal tidleg i studenten sitt 3. semester presenterast for diskusjon i eit skriveseminar.

I masteroppgåva skal studenten gjere greie for dei tematiske, metodiske og teoretiske føresetnadene som arbeidet byggjer på. Tekst og argument skal utviklast i samarbeid med rettleiar. I vurderinga av masteroppgåva vert det lagt vekt på studenten si evne til sjølvstendig analyse av eige etnografisk materiale i ljos av relevant antropologisk teori.

Læringsutbyte

Studenten skal ved innlevert masteroppgåve ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

SANT301, SANT302, SANT320

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosialantropologi.

Arbeids- og undervisningsformer

Individuell rettleiing, sporadisk seminardeltaking

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i skriveseminar og munnleg presentasjon av ein tekst på 3000 ord (+/- 10 prosent) så snart som mogleg etter avslutning av feltarbeid.

Vurderingsformer

Masteroppgåve av eit omfang på mellom 30 000 og 40 000 ord. Innlevert masteropgåve vert vurdert og karakter sett av ein komité. Denne karakteren justerast ved munnleg eksaminasjon.

Karakterskala

Karakterskala A-F vert brukt i vurderinga av masteravhandlinga

Vurderingssemester

Vår/haust

Emneevaluering

Emnene blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for sosialantropologi

Fosswinckelsgate 6

5007 Bergen

E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no

Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 92 63

Heimeside: http://www.uib.no/antro/