Emner: SOS202 Bacheloroppgave i sosiologi - Vår 2019
Studiepoeng
15.0Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust og vår
Mål og innhald
Hovudmålet med bacheloroppgåva er at studentane skal lære å foreta ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei sosiologisk problemstilling med utgangspunkt i sosiologisk litteratur.
Ein får ei generell innføring i korleis ein skriv ei større sosiologisk drøftingsoppgåve og skal deretter skrive ei slik oppgåve, bacheloroppgåva, med støtte frå ein fagleg vegleiar. Oppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid der ei sjølvvald problemstilling blir drøfta ut frå sosiologiske perspektiv. Dette kan anten gjerast som ei reint teoretisk drøfting, ei drøfting basert på tidlegare empirisk forsking, ei eiga undersøking av empiriske data, eller ein kombinasjon av desse. Under arbeidet med oppgåva må ein sette seg grundig inn i eit sosiologisk tema. Etter at oppgåva er skrive skal den presenterast munnleg.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- gjere greie for faglitteratur , inkludert nyare faglitteratur, om eit vald tema, og spesielt for dei teoretiske og metodiske problemstillingane som blir tatt opp i denne litteraturen
Ferdigheter
Studenten kan
- utforme ei sosiologisk problemstilling og lage eit opplegg for undersøkingane og analysane ein treng for å handtere problemstillinga
- lage ei samanhengande fagleg basert argumenasjonsrekkje og presentere den skriftleg.
- følgje anerkjente standardar for utforming av faglege rapportar
- skaffe seg oversikt over litteratur, teoriar og metodar som har vore viktige i forskinga om problemstillingar av det slaget ein har vald
- samle inn og analysere informasjon av det slaget som blir brukt i oppgåva og følgje forskingsetiske normer for handsaming av slik informasjon
- gje ei klar skriftleg framstilling av eigne analyser og analyseresultat
- formidle eige arbeid munnleg
- bruke kjelder og referansar på forsvarleg vis og følgje normer for heiderleg framferd i forskingsarbeid
Generell kompetanse
Studenten kan
- arbeide sjølvstendig under vegleiing med eit større prosjekt, og fullføre prosjektet innan gjevne tidsfristar og innanfor dei etiske normene for forskingsarbeid
Krav til forkunnskapar
MET102 og minst eitt anna 15-studiepoengsemne på 100-nivå i sosiologi.
Tilrådde forkunnskapar
SOS101, SOS103 og eitt anna 15-studiepoengsemne på 100 nivå i sosiologi.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB som oppfyller forkunnskapskrava
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, seminar og rettleiing
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Munnleg presentasjon av bacheloroppgåva.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
Innlevering av ei bacheloroppgåve (7500 - 8000 ord) og justerande munnleg eksamen.
- Ein student har i utgangspunktet ikkje høve til å levere inn same bacheloroppgåve i SOS202 fleire gonger. Dersom ein student ønskjer å framstille seg til ny eksamen og basere oppgåva på same tema, må kandidaten:
stille og gje svar på nye problemstillingar, og/eller
- trekkje inn nye kjelder/data, og/eller
- gjere ei radikalt endra analysedrøfting av problemstillingane/empirien.
Studenten må søkje instituttet om å gå opp til ny eksamen i SOS202. I søknaden skal studenten gjere greie for dei endringane han/ho planlegg å gjere i oppgåva. Instituttet ved emneansvarlege for SOS202, avgjer søknaden
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.
Kontaktinformasjon
studieveileder@sos.uib.no