Emner: SOS360 Masteroppgaven - Vår 2019
Studiepoeng
60.0Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Undervisningssemester
Vår og haust
Mål og innhald
Målet er å utvikle metodiske og analytiske ferdigheiter, samt evne til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid.
Masteroppgåva byggjer på eit sjølvstendig forskingsprosjekt som endar i ei avhandling. Det er ynskeleg at studentane vel eit prosjekttema innanfor eitt av instituttet sine forskingsområde. Før studenten går i gang med forskingsprosjektet sitt, må han/ho levere ei prosjektskildring til godkjenning ved instituttet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- gi grundige utgreiingar om forskinga på det feltet som er relevant for oppgåva sitt tema, og gi kritiske vurderingar av denne forskinga
- forklare kva krav som vert stilt til og korleis ein arbeider med masteroppgåver og liknande prosjekt
Ferdigheiter
Studenten kan
- utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid innan gitte tidsrammer
- utforme ei vitskapleg problemstilling og forfølgje den gjennom bruk av sosiologisk teori og metode
Generell kompetanse
Studenten kan
- forholda seg til etiske problemstillingar ein stilles ovanfor i praktisk forskingsverksemd
- raskt setje seg inn i nye problemstillingar, vurdere og tileigne seg ny fagkunnskap, og bruke denne kunnskapen i sjølvstendige analyser av aktuelle samfunnsspørsmål på ulike områder
Krav til forkunnskapar
SOS301, SOS302, SOS303, SOS304, SOS340 samt eitt valemne eller tilsvarande
Arbeids- og undervisningsformer
Individuell rettleiing
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av rettleiingskontrakt (2. semester) og framdriftsrapport (3. semester).
Vurderingsformer
Innlevering av masteroppgåve og munnleg eksamen. Masteroppgåva skal leverast elektronisk.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår og haust
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i trådd med vedtatt evalueringsplan for bachelor- og masternivå i sosiologi.
Kontaktinformasjon
studieveileder@sos.uib.no