Emner: SPLA350 Mastergradsoppgave i spansk og latinamerikastudier - Vår 2019




Studiepoeng

60.0

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master 

 

Undervisningsspråk

Spansk

Undervisningssemester

Vår og haust 

 

Undervisningsstad

Bergen 

 

Mål og innhald

Masteroppgåva utgjer den viktigaste delen av masterstudiet, og er normert til to semester med intensivt arbeid.

 

Tema for masteroppgåva kan etter samråd med faglærar i prinsippet veljast fritt, men vil i praksis vere styrt av kapasiteten på faget. Tema og problemstilling for masteroppgåva skal vere knytte til éin av hovuddisiplinane i faget. Masteroppgåva skal skrivast på spansk og bør normalt ha eit omfang på 70-110 sider (talet på ord i oppgåva må vere mellom 30.800 og 48.400 ord) .

 

 

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:

 

Kandidaten

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men emnet føreset solide spanskkunnskapar.

 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i spansk og latinamerikastudium.

 

Arbeids- og undervisningsformer

Alle som har studieplass på masterstudiet, har rett til individuell rettleiing i samsvar med ressursane på faget. Totalt har studenten krav på 30 timar med rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing er obligatorisk. Student og fagmiljø skal teikna ein innbyrdes forpliktande rettleiingskontrakt seinast i andre semester, oftast etter vurdering av prosjektskissa og alltid i samsvar med ressursane på faget. Tema for masteroppgåva skal godkjennast av rettleiar.

Det er mogleg for studenten å byte tema undervegs. Ved byte av rettleiar skal ny rettleiingskontrakt underteiknast.

Vurderingsformer

Ei masteroppgåve skriven på spansk på 70-110 sider med justerande munnleg eksamen.
Det er to fristar for innlevering av masteroppgåva kvart semester: 1. februar og 15. mai i vårsemesteret, og 1. september og 20. november i haustsemesteret.

 

Etter at masteroppgåva er vurdert, blir det halde ei munnleg prøve. Dette er ein samtale rundt problemstillingar i masteroppgåva, og kan endre den endelege karakteren med éin bokstavkarakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår og haust.

Litteraturliste

Studentene skal gjere seg kjent med sentral forskingslitteratur i det emnet dei skriv masteroppgåve i, og kjennskap til denne litteraturen skal dokumenterast gjennom masteroppgåva.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: mailto:eksamen@if.uib.noeksamen@if.uib.no